Hopp til innhold

Koronapandemien gav radio- og TV-bingoen ein opptur

At folk heldt seg meir heime under pandemien, vart godt nytt for radio- og TV-bingokanalane.

Det er onsdag og bingokveld.

– Det er diskret lobbyverksemd for å ikkje ha møte på onsdagskveldar, ler Linn Therese Ommedal Haram.

Ho har spelt radiobingo «litt fram og tilbake» sidan første gong ho vann i 2005.

Frå radioen strøymer musikken, men snart er det alvor. Det gjeld å følge med og få kryssa av rett tal raskt nok.

– Trettito, tre-to.

Kvar veke har lokalradiokanalen Nordfjord Nærradio radiobingo. Under pandemien såg dei at interessa vaks.

– Heile familiar begynte å spele bingo. Det vart litt samlande for folk igjen. Og vi merka ein veldig god auke i omsetnaden, fortel redaktør John Roar Øien.

– Det var mykje nye og kjekke folk å prate med, legg han til.

John Roar Øien, redaktør i Nordfjord Nærradio

NY INTERESSE: Fleire familiar vart med på radiobingo då pandemien kom, fortel redaktør John Roar Øien i Nordfjord Nærradio.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Auke nasjonalt

Nærradiokanalen i Nordfjord er ikkje åleine om å ha fått ein korona-opptur.

Tal frå Lotteri- og stiftingstilsynet viser at dei kring 70 aktørane som driv med radio og TV-bingo i Noreg hadde ein auke i omsetnad i koronaåra.

I fjor spelte nordmenn radio- og TV-bingo for kring 96 millionar kroner.

I 2020 var talet for brutto omsetnad over 94 millionar samla sett, medan det vart spelt for vel 72 millionar kroner i 2019 – året før pandemien.

I Askøy driv Maria Espeset nærradiokanalen Radio Askøy.

Dei har auka omsetnaden frå 1,8 millionar (2019) til 2,1 millionar kroner (2021).

– Vi merka ein auke i pandemien. Det kom mange nye unge spelarar. Bingo er ikkje berre for gamle folk, seier Espeset.

Har hatt mykje å bety

Litt meir i omsetnad betyr litt meir å rutte med for Nordfjord Nærradio, som har vorte drive av eldsjeler i 35 år.

Ekstramidlane har gått med til å fornye utstyr.

– Siste året har vi investert mykje. Det er ny datamaskin, ny miksar og vi sender på nettet. Det var heilt avgjerande, fortel John Roar Øien.

Sjølv har han vore aktiv i lokalradioen i 32 år. Det er gleda over å prate med folk som driv han.

For dei som spelar bingo er det også det sosiale som tel mest. Så vart det heller ingen gevinst denne kvelden.

– Det går veldig greitt. Det er kjekt å samlast og vere i lag. Det er sosialt, smiler Haram.

Radiobingo

3-2: Radiobingo på Ravnestad i Gloppen. Linn Therese Ommedal Haram har spelt radiobingo av og på sidan 2005.

Foto: Arne Stubhaug / NRK