Hopp til innhold

Konkursauken flatar ut

I løpet av årets ni første månader har 69 bedrifter gått konkurs i Sogn og Fjordane.

Konkurs

FLEIRE KONKURSAR: Det er fleire bedrifter som går konkurs i år enn i fjor. Det kan ha samanheng med finanskrisa.

Foto: Colourbox (Illustrasjon)

69 bedrifter i Sogn og Fjordane har så langt i 2009 gått konkurs. Samanlikna med 2008, då det var 44 konkursar i same periode, er dette ein auke på 56,8 prosent.

Men: på landsbasis syner tala at tala på konkursar steig saktare i september enn i august.

- Samanheng med finanskrisa

– Sjølv om auken no har flata litt ut, er tendensen den same som vi har sett heile dette året. Det har blitt fleire konkursar, og det er rimeleg å tru at dette har samanheng med finanskrisa. Vi ser stadig ei stigning. Lite taler for at konkurstala skal byrje å gå ned, seier underdirektør Karl Erik Rørmark ved Konkursregisteret.

I løpet av årets første ni månader var det 3808 konkursar i Norge. Det tilsvarande talet for fjoråret var 2453.

Aukar i alle fylke

Det samla talet på konkursar og tvangsavviklingar har auka i alle fylka, samanlikna med dei ni fyrste månadene i fjor. Den største prosentvise auken i konkursar finn vi i Finnmark, med 116,7 prosent. I Hedmark er auken 100 prosent. Minst auke har Nord-Trøndelag, med 24,6 prosent fleire konkursar enn dei hadde i løpet av dei ni fyrste månadene i for.

Det er byggjebransjen, kjøp, sal og utleige av fast eigedom, restaurantbransjen og butikkhandelen som har dei høgaste tala.