Hopp til innhold

Måndag blir den trippeldrapssikta sendt tilbake til Bergen

I byrjinga av mai vil dei sakkunnige leggje fram sin konklusjon av observasjonane dei har hatt av den sikta etter trippeldrapet i Årdal.

Buss Årdal Tyin trippeldrapet

KONKLUSJON: Dei sakkunnige nærmar seg avslutning av observasjonen av den trippeldrapssikta.

Foto: Christian Blom / RNK

Politiet har så langt ikkje fått beskjed om at dei sakkunnige har behov for å utvide observasjonstida av den 30 år gamle sikta mannen.

Måndag blir mannen overført frå St. Olavs Hospital til Bergen kretsfengsel. 1. mai presenterer dei sakkunnige konklusjonen av sine observasjonar.

Jørn Lasse Førde Refsnes

POLITIADVOKAT: Jørn Lasse Førde Refsnes.

Foto: Truls Kleiven / NRK

– Deretter startar arbeidet med å ta ut tiltale, seier politiadvokat Jørn Lasse Førde Refsnes.

Har bedd om fire nye veker varetektsfengsling

Asylsøkjaren frå Sør Sudan har sidan midten av januar vore til psykiatriske observasjonar ved sjukehuset i Trondheim.

Han er sikta for å ha teke livet av tre personar om bord på Valdresekspressen i byrjinga av november i fjor.

Politiadvokat Førde Refsnes seier til NRK at dei har bede tingretten om fire nye veker varetektsfengsling, med brev- og besøkskontroll.