Debatten om bandtvang har rast i lokalavisene i sommar.
På den eine sida ynskjer fortvila sauebønder strengare reglar for at hundeeigarar skal respektere bandtvang.
På den andre sida meiner hundeeigarar at for strenge bandtvangsreglar kan gå utover dyrevelferdslova.
– Om bandtvangen blir for lang og inngripande i hundane sine liv, kan det gå utover dyrevelferda, seier avdelingsleiar for kommunikasjon i Norsk Kennelklubb (NKK), Cecilie Holgersen.
Videoen over blei teke av ein turgåar i Gullfjellet utanfor Bergen der 2500 sauer beiter kvart år.
Tim Igelkjøn eig fleire av sauene.
– Dette er noko som har gått over fleire år, seier han.
– Vi må finne ei løysing i fellesskap slik at vi kan unngå unødig liding for sau, men også hjort og anna vilt.
Han fortvilar over at hundeeigarar ikkje er betre til å ha hundane sine i band.
– Det verste er dei som let vere å ha hunden i band, medvitne om at dei er på eit beiteområde.
– Det har blitt eit aukande problem
NRK har vore i kontakt med fleire sauebønder som ikkje ynskjer å stille til intervju. Dei er redde for å få hatmeldingar og hets frå hundeeigarar.
Éin av dei seier til NRK at han ynskjer å gå stille i dørene, men at det blir fleire hundeeigarar og færre sauebønder.
Difor fryktar han at sauebøndene si stemme blir overkøyrt.
– Det har blitt eit aukande problem med hundar som jagar og skadar dyr i beiteområda, seier Mary Ueland, som er rådgjevar for landbruksavdelinga hos Statsforvaltaren i Vestland.
Statsforvaltaren har tidlegare laga ein plakat for å informere turistar som kjem til Noreg om bandtvangsreglane.
Usemje om reglar for bandtvang
Den nasjonale obligatoriske bandtvangen er frå 1. april til 21. august. Kvar enkelt kommune kan forlenge bandtvangen viss dette er naudsynt for å verne beitedyr i ein lengre periode.
Sauebonde Rolv Mykland ynskjer å forlenge bandtvangen til 1. november.
Førre veke fortalde han til Firda Tidend om tre daude sauer, som han kopla til at dei blei jaga av hund.
– Dei aller fleste er veldig flinke
Leiar i Norsk Retrieverklubb, Geir-Olav Andersen, fortel at hundar treng å springe fritt.
Båe NKK og Norsk Retrieverklubb presiserer at dei jobbar målretta for at hundeeigarar skal respektere bandtvangen.
– Det NKK reagerer på er korleis nokre kommunar forlenga bandtvangen i periodar og område der vern av beitedyr og viltdyr ikkje står i fokus, fortel Holgersen i NKK.
Ho legg til:
– Vi høyrer forteljingar om hundeeigarar som slepp hunden laus, og det er sikkert nokon hundeeigarar som bryt den obligatoriske bandtvangen. Men dei aller fleste er veldig flinke til å halde bandtvangen.