Hopp til innhold

Konfirmantar tok iskaldt påskebad

Tradisjonen tru vart det også i år eit iskaldt bad for konfirmantane i Jølster.

Konfirmantar badar i Jølstravatnet

Omlag 15 konfirmantar tok seg eit iskaldt bad i Jølstravatnet 1. påskedag.

Foto: Rune Molvik

For tiande året på rad kasta sokneprest Vidar Bjotveit og kullet med konfirmantar seg uti Jølstravatnet 1. påskedag. Påskeplasket er eit høgdepunkt for både prest og konfirmantar.

– I år var det 15 konfirmantar pluss meg som bada. Det er omlag halvparten av konfirmantane i Jølster.

Påskeglede og galskap

Dagen starta med gudsteneste i Helgheim kyrkje der konfirmantane gjekk i prosesjon, pynta alteret og las tekstane for dagen.

Tradisjonen med isbading har Bjotveit teke med seg frå Kirkenes der han var feltprest.

– Då eg byrja i Jølster starta eg opp med dette og sidan har det utvikla seg. Først er konfirmantane med på påskegleda inne i kyrkja, før det er galskap og moro ute.

Var ishinne på vatnet

Ungdommane tykkjer det er artig, sjølv om det er kaldt.

– Det var faktisk ei ishinne her då vi kom i dag. Men dei gruar seg ikkje ikkje og det var stor stemning då vi skulle bade.

Hjelpekorpset i bygda hadde kvelden før vore ute med motorsdag for å skjere hol i isen som var omlag 20 centimeter tjukk. Soknepresten veit ikkje kor kaldt det var i vatnet i dag.

– Men andre år vihar målt har det vore 1-2 grader.

Får med seg gode minne

Han ser at det ligg ei ungdommeleg glede over badinga og at dei får med seg gode minner.

– Dette er noko kvart kull med nye konfirmantar ser fram til.

Konfirmantar som bada i Jølstravatnet

Stolte konfirmantar som våga seg uti det kalde Jølstravatnet.

Foto: Rune Molvik