Hopp til innhold

Kommunar bryt med regjeringa – gir ikkje karantenefritak for barn under 18 år

Fleire kommunar innfører barnekarantene. – Ikkje aktuelt i Bergen, seier byrådsleiar Roger Valhammer (Ap).

Siv Høgtun

KRITISK: Ordførar i Askøy, Siv Høgtun er kritisk til at regjeringa utan varsel endra karantenereglane for barn under 18 år.

Foto: Andrea A. Krüger / NRK

Tysdag kveld justerte regjeringa karantenereglane for barn under 18 år. Desse skulle få fritak frå smittekarantene.

I utgangspunktet skal alle som har vore nærkontakt til ein person med påvist covid-19 setjast i smittekarantene.

No har fleire kommunar innført eigne, lokale forskrifter som ikkje gir barn under 18 fritak frå smittekarantene.

I Vestland fylke har kommunane Øygarden, Askøy, Samnanger og Alver innført ei ny forskrift som gjeld til og med 21. desember.

Også Ålesund kommune og Sula kommune i Møre og Romsdal har innført karanteneplikt for barn under 18 år. Denne forskrifta vil gjelde til og med 22. desember.

Bergen kommune har førebels ikkje vurdert å innføre det same.

– Må få oversikt over situasjonen

Ordførar i Askøy kommune, Siv Høgtun, seier innstramminga skuldast høgt smittetrykk i skular og barnehagar.

– Dette er eit målretta tiltak for å få oversikt over situasjonen. Når vi no set barn under 18 år i karantene, handlar det om å få ned smitte.

I ei pressemelding frå Øygarden kommune går det fram at smitte i skular og barnehagar utgjer kring 20 prosent av det totale smittetrykket.

Høgtun er kritisk til at regjeringa utan varsel endra karantenereglane på nytt etter pressekonferansen om nye, nasjonale tiltak måndag.

Ordfører i Askøy Siv Høgtun

KRITISK: Ordførar i Askøy, Siv Høgtun er kritisk til at regjeringa utan varsel endra karantenereglane for barn under 18 år.

Foto: Karoline Finnema / NRK

Då skulle alle andre nærkontaktar i smittekarantene. På tysdag endra dei forskrifta slik at barn under 18 kunne få unntak frå regelen.

– Det er ikkje greitt at dei gir éin beskjed på pressekonferansen måndag, og utan varsel endrar forskrifta. Det er krevjande, fordi vi var i gang med å setje skuleklassar i karantene, og plutseleg måtte endre på det.

Ifølge Høgtun er det eit problem når barn som i utgangspunktet skulle i karantene, likevel må møte opp på skulen, ettersom dei tilsette framleis må i karantene.

Ikkje anbefalt i Bergen

Ifølge byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) har ikkje karanteneplikt for barn og unge blitt anbefalt frå smittevernfagleg hald i Bergen kommune.

– Vi forstår intensjonen med unntaket frå regjeringa, men forstår at dette kan skape endå større vanskar med å avslutte skuleåret på gult nivå.

For å løyse problemet har byrådet innført heimeskule for alle elevar frå 5. til 10. trinn.

– Det gjer at vi unngår så mykje smitte dei siste dagane før jul. Redusert smitterisiko vil også bidra til å vareta 1. til 4. trinn og sårbare elevar.

Roger Valhammer (Ap)

IKKJE VURDERT: Byrådet har førebels ikkje vurdert å innføre karanteneplikt for barn under 18 år, seier byrådsleiar Roger Valhammer.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas

Helsedirektoratet: – Har lov

Helsedirektoratet meiner bestemminga Askøy, Øygarden, Samnanger, Alver, Sula og Ålesund har innført er lov. Det meiner barnekarantenen er regulert av smittevernlova § 4-1.

– Kommunen kan innføre strengare karantenereglar enn dei nasjonale, herunder innføre karanteneplikt for barn under 18 år, seier assisterande helsedirektør Espen Rostrup Nakstad til NRK.

Kommunane må sjølv vurdere kva som er nødvendige og forholdsmessige tiltak i sin kommune, legg han til.

Nakstad trur det er kommunane sjølv som veit best kva tiltak som skal til for å handtera lokale smitteutbrot.

Barn står for ein stor del av smittespreiinga i mange kommunar. Smitteutbrot må framleis handterast lokalt, det er nok særleg viktig no for å avgrensa spreiinga av omikron-varianten, seier han.