Hopp til innhold

Kom uskadde frå brann ved Eras

Tre personar kom seg ut då det byrja å brenne ved Eras Metall i Høyanger. Bedrifta er no stengd.

Eras Metall i Høyanger.
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det var like før klokka fem natt til søndag at politiet og alarmsentralen fekk melding om brannen. Tre personar var i lokalet, men desse kom seg ut og vart ikkje skadde.

Mykje røyk

Ein av innsatsleiarane, Dag Andre Nesse, fortel at situasjonen i starten var uoversikteleg.

– Det brann godt og det var stor intens røykutvikling. Vi var tre røykdykkarlag med tilsaman sju personar. Vi måtte bruke pulver for å sløkke brannen, og det tok ein times tid.

Ti tonn slagg

Årsaka til brannen er at det kom hol i ein omn slik at omlag ti tonn slagg rann ut.

– Noko av dette rann ned på delar av det elektriske anlegget under omnen. Slagget har ein temperatur på omlag 1300 grader, fortel dagleg leiar Torbjørn Ylvén ved Eras Metall.

Rosar dei tilsette

Han fortel at det meste av slagget hamna i det dei kallar ei katastrofegrop under omnen, men at litt likevel hamna på anlegget og på golvet. Dei som var på jobb klarte å nødstenge gasstilførselen til bygget.

– Det var tre personar i lokalet og dei gjorde alt rett. Det var dramatisk medan det stod på, men heldigvis kom dei seg uskadde frå det.

Veit ikkje årsaka

Ylvén kan enno ikkje seie noko om skadeomfanget og det økonomiske tapet.

– Det er for tidleg å seie, vi må først få eit overblikk over situasjonen. Vi veit ikkje kva som gjorde at det vart hol i omnen.

Bedrifta som driv med attvinning av sink frå stålproduksjon er no stengd og avsperra. Det er uvisst når produksjonen kan starte opp att og dei 30 tilsette kan komme i jobb igjen.

Sidan staden er så varm, kan åstadsgranskinga først komme i gang over helga.

Det var drive ettersløkking og avkjøling i fleire timar søndag føremiddag. Saka vil bli etterforska av lensmannskontoret i Høyanger.