Hopp til innhold

Kø på vegen fleire stader i landet

Både på E18, E134 og E39 har det vore kø. – Folk må belage seg på at det tar tid å komme seg heim i dag, seier Anniken Island i Vegtrafikksentralen.

store køar ved Ferjesambandet Lavik-Oppedal.

KØ: Ventetider opp mot halvanna time har ført til store køar på E39 ved ferjesambandet Oppedal-Lavik.

Foto: Tipsar

Blant dei som har stått lenge i kø ved eit trafikklys på E134 mellom Åmot og Vinje er Kari Holdhus.

– Det er klart når man køyrer mellom Vestland og Austlandet så håpar man transporten skal gå smertefritt men i dag tykkjer eg vi har hatt mykje uflaks, seier Kari Holdhus.

Holdhus, som er på veg heim til Oslo etter eit opphald i Hålandsdalen, seier det har vore lange køar over Haukelifjellet, med tunnelarbeid og omkøyringar.

– Men no er me snart i Seljord, så eg håpar resten av vegen skal gå smertefritt no.

Halvannan time ventetid

Ved ferjesambandet Lavik-Oppedal på E39 har det vore lange køar med ventetid på opp mot halvannan time.

– C-ferja har vore ute av drift, fortel operatør i Vegtrafikksentralen, Ketil Molvær.

Der skal alle dei tre ferjene vere i gang att.

Lavik-Oppedal

I GANG: Etter å ha vore nede i fleire timar er no alle dei tre ferjene ved Ferjesambandet Oppedal-Lavik i gang igjen.

Foto: Terje Gilleshammer / NRK

Også på riksveg 13 i Rogaland er det køar søndag. I sambandet Hjelmeland-Nesvik-Skipavik har det vore kø stort sett kvar fredag, søndag og utfart dei siste vekene.

Også denne søndagen er årsaka er stor trafikk, ifølgje Nordled.

Veg stengt på grunn av flaum

På Austlandet går trafikken stort sett greitt, men Sarpebrua på fylkesveg 118 måtte stenge i to timar på grunn av flaum i vegbana.

– Det starta klokka 14.42 og 16,45 var den opna igjen, seier operatør i Vegtrafikksentralen Ole Fredrik Haugen.

Han fortel at trafikken frå Vest og innover mot Oslo går treigt, men foreløpig greitt.

– Merker at folk er på noregsferie

Lenger nord er det meldt om stor pågang og forseinkingar på fylkesveg 839 ved ferjestrekninga mellom Tjøtta og Vega på Helgeland. Lange køar er det også på ferjesambandet mellom Vennesund – Holm på fv. 17.

– Ferjesambandet seier at dei merker det er noregsferie i år allereie no og at det er meir pågang blant norske turistar tidlegare enn vanleg, seier Trafikkoperatør Renate Aanes i Vegtrafikksentralen nord.

Ifølgje Aanes vil køane truleg halde fram utover ettermiddagen.