- Eg synest det var stort berre å bli nominert til prisen, når eg fekk den er det ein kjempebonus, seier sunnfjordingen.
Alexander Ødegaard var nominert til prisen saman med Rosenborg-spelaren Frode Johnsen og Robbie Winters frå Brann. Men medan dei to andre spelarane har spelt på lag i toppen av eliteserien, har Ødegaard scora jamt og trutt for laget som enda nedst på tabellen.
I år vart den prestisjefylte prisen delt ut for 15. gong, og etter røystinga var det klart at leiarar, trenarar og spelarar meinte Ødegaard var årets beste angripar.
Overgangssamtalar
Laurdag vart det kjent at Ødegaard var i uformelle samtaler med Brann-investor og Chess-gründer Idar Vollvik. Det sa Vollvik til 5.000 brannsupporterar i Oslo spektrum. Men det er ikkje gjort noko avtale mellom Sogndal og Brann om angriparen. Ødegaard seier han ikkje diskuterte noko konkret om ein overgang med Vollvik.