Solveig Løvik Norevik er leiar for 6.500 kommunetilsette i Sogn og Fjordane, og har sett utviklinga lenge, men arbeidspresset og utryggleiken har aldri vore så stor som no. Hovudårsaka er at kommunane får stadig fleire oppgåver, samstundes som økonomien vert svakare.
- Det er nedskjeringar, omorganiseringar og trugslar om innsparingar. Det heng som eit trusselbilete over mange. Det gjer folk utrygge og utilpasse i jobben sin og det ser vi igjen på sjukefråversstatistikkane, seier Norevik.
Ringare tilbod
Og resultatet er eit ringare tilbod til innbyggjarane, noko som igjen påverkar arbeidssituasjonen til dei tilsette.
- Ein får eit ringare tilbod til dei ein skal tene. Ein får misnøgde brukarar når tilbod forsvinn, og dermed får dei tilsette veldig mange klager. Dette gjer noko med ein arbeidstakar, seier ho.
Tøffare for alle
Det har vore sett søkjelys på at mange tilsette i helse- og omsorgssektoren har beinharde arbeidsdagar. Men stadig fleire i andre delar av kommunesektoren merkar no også presset.
Torveig Botnen er økonomileiar i Naustdal kommune. Ho fortel at 14 timars arbeidsdag og mange helgar på kontoret slett ikkje er uvanleg:
- Det er ekstra heftig no på denne tida med ferdigstilling av årsrekneskapen, me har hatt vakansar i stillingar, og innføring av nye datastystem, seier Botnen.
Følgjer ikkje reglane
Fagforeiningsleiar Solveig Løvik Norevik meiner at ein del kommunar ikkje følgjer spelereglane når organisasjonen skal kuttast og strammast. Men denne situasjonen kjenner ikkje Torveig Botnen i Naustdal seg att i:
- Ordførar og rådmann skjønar situasjonen vår, seier ho.
Stor forståing
Halvdan Skard er leiar i Kommunenes Sentralforbund, som er kommunane sin arbeidsgjevarorganisasjon. Han har stor forståing for reaksjonane på grasrota:
- Det er så stramt i kommunesektoren no at det har blitt eit veldig trykk på omstilling og effektivisering, og om ein greier å oppretthalde stillingane, seier Skard.
Krev pengar
Fredag hadde Skard møte med leiinga i Kommunaldepartementet for å understreke alvoret. Han la tal på bordet som fortel at kommunane må ha 8,5 milliardar kroner meir dei neste tre åra berre for å unngå kutt i tenestetilbodet. Hans bodskap til jarn-Erna var klar:
- No har kommunane pressa sitrona så langt det går og vel så det, og dette kan ikkje halde fram, seier Skard, som krev at statråd Erna Solberg styrkar kommuneøkonomien monaleg i åra frametter.
Ordførar imponert
Jan Herstad er imponert over dei tilsette. (Foto: NRK)
Ordførar Jan Herstad i Naustdal er imponert over innstillinga til dei tilsette:
- Eg opplever at sjølv om dei tilsette er i ein vanskeleg situasjon, så er dei veldig positive og har ein stor stå-på-vilje. Dei er med på omstillingsprosessane når vi skal redusere utgiftene.
Herstad gjekk inn for ein storkommune i Indre Sunnfjord, også fordi det ville gitt større faglege miljø og ein betre arbeidssituasjon. No er samanslåinga lagt på is, men ordføraren kan likevel ikkje love ro og stabilitet.
- Ein blir ikkje kvitt usikkerheita fordi om ein har sagt nei til kommunesamanslåainga. Eg trur tvert i mot dette er noko som vil ligge der heile tida, og at ein stadig må endre organiseringa i kommunen. Dei tilsette vil føle ein frustrasjon i at det aldri blir slutt på dei store omstillingane.