Hopp til innhold

Klasseskilnad i Sognahallen

Sogndal fleire nummer større enn Notodden.

Sjanse mot Notodden
Foto: Arve Uglum / NRK

- Dette var bra, men måla deira irriterer meg. Skilnaden mellom oss og Notodden var større enn sluttresultatet viser, sa Karl Oskar Emberland etter at laget hans hadde gått av bana med 5-2 i ein treningskamp onsdag kveld.

Meir Laaksonen

Valtter Laaksonen viste seg nok ein gong fram for Sogndal ved først å presse fram eit sjølvmål frå Notodden alt etter fem minuttar, før han sjølv auka til 2-0 like etter. Så reduserte Notodden til 2-1, før Barry Kader tvang fram eit nytt spektakulært sjølvmål frå Notodden i starten av 2. omgang.

Kader vann att ballen om lag på kortlinja i mangel av medspelarar inne i feltet dundra han ballen det han var kar for i ein Notodden-stoppar slik at ballen vart reflektert i mål til 3-1.

Flo og Olsen

Etter at Notodden reduserte til 3-2 la Per Egil Flo og Espen Olsen på til 5-2 for heimelaget som dermed står med to sigrar og to uavgjorte på fire treningskampar i 2009.

- Vi er betre enn vi var på same tid i fjor. Vi ser rett og slett bra ut for tida, seier Karl Oskar Emberland.

25 minuttar før slutt fekk Eivind Daniel Røed sin Sogndal-debut på midtbana.