Hopp til innhold

Filmprodusent klaga for tredje gong - fekk 50.000 kroner

– Dei raudgrøne vil sole seg i filmglansen. Det seier Frp etter at Ap og Sp gjekk inn for å gje 50.000 kroner til filmsuksessen «Søsken til evig tid».

Fylkestutvalet behandla filmklage

SUKSESS: Filmen om søskenparet frå Naustdal har blitt ein suksess og skal lanserast i utlandet neste år. I dag blei det 50.000 kroner ekstra i potten for filmprodusenten då fleirtalet i fylkesutvalet røysta for.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide/pressefoto / NRK

Etter to avslag blei plutseleg ei klagesak ei lukrativ pengeløyving. Med fem mot fire røyster sa fylkesutvalet i kveld ja til pengeløyving til den populære filmen om søskenparet i Naustdal.

«Søsken til evig tid» er ein dokumentarfilm av Frode Fimland frå Naustdal. Filmen handlar om Oddny og Magnar som driv familiegarden på Kleiva i same tradisjon som generasjonar har gjort før dei.

Fleire rundar

I august søkte FIM Film ved Frode Fimland fylkeskommunane i Sogn og Fjordane og Hordlaland om eit tilskot på 300.000 kroner. Filmen har tidlegare fått støtte frå fleire andre instansar.

I september avslo hovudutval for plan og næring søknaden, i samsvar med tilrådinga frå fylkesdirektøren. Filmselskapet klaga på avslaget og saka gjekk til hovudutvalet for plan og næring. Dei tok ikkje klagen til følgje.

Fimland har igjen klaga og bad om ei ny vurdering av saka med særskilt vekt på betydninga for reiselivet sidan den har blitt ein suksess og fordi den skal lanserast internasjonalt i 2014.

Saka gjekk så til fylkesrådmannen som tilrådde at fylkesutvalet som klagenemnd ikkje tek klagen til følgje. Men då fylkesutvalet i dag møttest, var ikkje alle samde i dette.

Ville gi støtte til filmen

Nils P. Støyva (Ap) var ein av dei som ville at filmen skulle få pengar og kom med framlegg om 50.000 kroner.

– Denne filmen har skapt mykje blest om fylket vårt, om bondekulturen og den har sett fylket vårt på kartet på ein positiv måte. Den har spelt inn mykje pengar, men eg kunne tenkt meg at vi gav 50.000 kroner til filmen, sa Støyva under diskusjonen i kveld.

Jenny Følling frå Senterpartiet ønskjer også å støtte filmen fordi den har skapt merksemd.

– Her er altså ein filmskapar frå fylket som har laga film om vår nære historie og om korleis ein klarte seg før. Det er bra å kunne støtte denne filmen, meinte ho.

Brosvik: – Eg meiner avslaget er rett

Men ikkje alle var samde i dette. Trude Brosvik (KrF) meiner innstillinga frå fylkesrådmannen er rett og at det er feil å dra inn at filmen er ein suksess og at den har gitt positive ringverknader.

– I den grad dette blir trekt inn, bør det eigenleg tale andre vegen. Difor meiner eg det er rett å halde på avslaget.

Frank Willy Djuvik frå Framstegspartiet var einig i Brosvik si vurdering. Han seier at filmen er fantastisk, men at pengane heller bør brukast til andre ting.

– Det bør heller leggast til rette for nye filmskaparar. Denne filmen er allereie realisert og lansert. Her er det bede om støtte til lansering, noko den allereie er. 50.000 kroner til anna filmsatsing ville vere meir fornuftig bruk av pengane.

– Dei vil sole seg i glansen

Djuvik meinte difor at fylkesutvalet måtte avslå søknaden.

– Her ønskjer nokon å sole seg i glansen av ein suksess og det er heilt greitt for oss. Men prinsipielt blir dette heilt feil.

Dette var Nils P. Støyva sterkt ueinig i og gav klar beskjed om det.

– Eg vil ta sterk avstand frå at eg solar meg i glansen. Eg var ikkje einig i saksutgreiinga og avgjerda då saka først var oppe, sa han.

Fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap) bad deretter fylkesutvalsmedlemmane røyste over dei to forslaga, anten følgje innstillinga eller løyve 50.000 kroner.

Ap og Sp sikre med sine fem røyster fleirtal, mot røystene til KrF, Venstre, Høgre og Frp. Pengane blir tekne frå kontoen til fylkesutvalet.

No skal du få møta to som lever eit liv som er fjernt for dei fleste.
Dei driv gard på gamlemåten - tett på naturen.
Og snart kan me sjå livet deira på kino.

SJÅ VIDEO: Søskenparet Magnar og Oddny Kleiva lever eit liv som er fjernt for dei fleste. Dei driv gard på gamlemåten – tett på naturen.