Hopp til innhold

Kjendisinvestor satsar i Sogndal

Ola Mæhle blar opp ein milliard kroner for å bygge fylket sitt største kjøpesenter i Sogndal.

Sogndal sentrum
Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Mæhle står i spissen for selskapet Sjølyst Utvikling som no har peika seg ut Sogndal som satsingsområdet. Planane vart lagt fram i går for politikarane i Sogndal måndag.

Ser mot Bergen og Førde

Mæhle står no klar til å kjøpe seg inn i Nedrehagen på motsett elvebreidd av Fosshaugane. Her vil han i samarbeid med selskap eigd av familiane Holme og Hundere i Sogndal satse stort. Med ei byggmasse på kring 34.000 kvadratmeter vonar dei å demme opp for handelslekkasje - og ikkje minst å trekke kjøpekraft frå heile regionen. Konkurrenten vert ikkje eksisterande kjøpesenter i Sogndal, men handelsnæringa i Bergen og Førde.

- Dette vil bli eit attraktivt handelsknytepunkt for heile regionen som vil trekke folk til Sogndal i store mengder. Det vil igjen føre til auka trafikk for alle aktørar innan handel og service og andre næringsvegar i Sogndal. Det vil ha positive ringverknadar for heile Indre Sogn-regionen, seier Mæhle.

- Nytt og spennande

Kommunestyret i Sogndal skulle i desse dagar vedta reguleringsplanen for Nedrehagen-området. Den endar truleg i søppelkorga. Ordførar Karen Marie Hjelmeseter, og fleire med henne, vedgår at kjendisinvestoren vende opp ned på det meste i går.

- Det er heilt klart at dette var interessant, seier ho og skildrar Mæhle sine planar som nye og spennande tankar kring det som er mogleg å utvikle i bygda.

Skjer fort

Dersom politikarane vert samde seg i mellom, kan ting skje fort i Sogndal. Går alt etter planen opnar fylkes største kjøpesenter om tre år - i Sogndal.

- Om det er vilje blant politikarane, så er effektiviteten i ein slik kommune ofte vesentleg betre og raskare framdrift enn i dei store bykommunane, seier Mæhle.

- Fryktar ikkje konkurransen

Ordførar i Førde, Nils Gjerland, fryktar ikkje handelslekkasje til Sogndal. Han trur på auka konkurranse om kundane, men meiner det er mindre plassar enn Førde som vil tape på dette.