Hopp til innhold

Kjempa forgjeves mot flammane

- Det er heilt uverkeleg at ho er vekke. Vi får det ikkje til å stemme, seier ein av naboane til ekteparet frå sunnmøre.

Nedbrent campingvogn

Ei kvinne i 60-åra omkom då denne campingvogna og spikerteltet brann ned natt til påskeaftan.

Foto: Øystein Torheim

LES OGSÅ: Kvinne døydde i campingvognbrann

Han har kjent ekteparet i over 20 år. Både frå arbeidslivet og som gjest ved Grodås Camping. Han er også sjølv frå Sunnmøre.

SJÅ: Omkom i campingbrann

Ropte på kona

Natt til laurdag vakna han like etter at det tok til å brenne i campingvogna som ligg berre ti meter frå hans eiga vogn.

- Eg høyrte mannen rope på kona. Då eg kom ut ville han inn att i vogna for å hente henne. Flammane stod gjennom takluka og det var ein frykteleg varme. Vi måtte berre ta han vekk derifrå, fortel augevitnet.

Uråd å ta seg fram

Ekteparet i 60-åra vakna av røykutvikling i vogna, men berre ektemannen kom seg ut. Han vart lettare skadd. Kona svima truleg av og vart liggande att. Brannen utvikla seg veldig raskt.

Teksten held fram under biletet.

Nedbrent campingvogn på campingplass.

Også nabovognene fekk skader i brannen.

Foto: Øystein Torheim

- Det var lite vi kunne gjere. Eg og dotter til ein annan nabo prøvde å åle oss inn i vogna for å få berga ut kvinna. Men det var så varmt at det var uråd å ta seg fram, fortel augevitnet.

Uråd å sløkke

Naboane prøve å bekjempe flammane med brannslokkingsapparat. Det viste seg å vere til ingen nytte.

- Vi brukte det vi hadde, men det var så varmt at vi ikkje kom nærme nok. Det hjalp ei lita stund, men så fort apparatet var tomt, så blussa flammane opp att. Skulle det vere noko hjelp i, så måtte vi hatt minst ti apparat, fortel han.

- Finn ikkje ord

Den omkomne kvinna og ektemannen hennar kom tysdag kveld til campingplassen. Fredag kveld la dei seg tidleg - i 22.30-tida. Like over klokka 04 starta brannen. Augevitnet fortel at brannen går svært hardt inn på alle gjestene ved campingplassen.

- Vi har brukt å møtes her i ei årrekkje i påska. Vi blir som ein liten familie. I etterkant var vi samla i vogna vår. Vi har prøvd å ta vare på kvarandre. Det er frykteleg trist. Eg finn ikkje ord, seier han.

Vil heim att

Han har ikkje sove sidan brannen som starta i 04-tida natt til påskeaftan. Påska fekk ei brå vending for gjestene på Grodås Camping.

- Etter dette trur eg at eg reiser heim att i morgon. Eg orkar ikkje gå og sjå på det som står att. Eg har ikkje sove sidan brannen og trur ikkje eg vil få sove særleg mykje framover, legg han til.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.