Hopp til innhold

Kjærleiksbonde: – Veldig slitsamt

Det er ikkje berre moro å finna kjærleiken på fjernsyn. Roar Husetuft (30) frå Holsen i Førde er med i «Jakten på kjærligheten» på TV2. – Det var veldig slitsamt, seier kjærleiksbonden.

Video Bonde på kjærleiksjakt

Bonde på kjærleiksjakt

– Det har vore ei heilt ny oppleving. Veldig mykje positivt, men eg er også veldig sliten.

«Vera på G»

– Ein må vera på heile tida. Eg må forte meg for å bli klar, og so må eg kanskje venta ei god stund, og eg må kanskje gjera ting fleire gonger slik at alle dei små detaljane kjem med på tv, seier Husetuft.

Husetuft er med i «Jakten på kjærligheten» på TV2. Han skryt av opplegget rundt heile programmet.

(Artikkelen held fram under biletet)

Roar Husetuft

KJÆRLEIKSBONDE: Roar Husetuft frå Holsen i Førde.

Foto: Nyhetsspiller

– Eg vart sliten rett etter innspelinga, og eg fekk eit behov for å vera aleine på sofaen. Eg mista litt behovet for å vera sosial for ein periode. Eg måtte ha litt tid til å fordøye alt.

Omgitt av kamerafolk

Det er ikkje berre mykje kontakt med mange folk og mykje stress og venting som har teke på.

– Ikkje noko kjekt å senda folk heim, og det vart ikkje betre med eit kamerateam rundt også. Men det var ikkje tøffare enn eg hadde trudd, eg gjekk nesten inn i ein modus for å stengje dei ute, seier Husetuft.

(Artikkelen held fram under biletet)

Roar Husetuft
Foto: Nyhetsspiller

Husetuft er både bonde og snikkar, og over nyttår tek han over garden med blant anna mjølkeproduksjon, oksar og sauer.

– Det har vore tøft å tenkja på kva som skjer om eg vel feil, om eg seier noko eg ikkje skulle sagt og slike ting. På ein skala frå 1–10 for kor slitsamt det har vore so har det vore oppe i åtte av og til.

Forelska?

– Eg trivst best i kvardagen, so det er veldig greitt det snart er over. Den siste dagen på innspelinga med dei andre bøndene var litt trist på ein måte også, eg veit ikkje kor tid eg skal snakka meir med det.

– Er du forelska?

– Eg jobbar med saka, svarar han med eit lurt smil.