Hopp til innhold

Kirurgen som skulle utføre keisarsnitt visste ikkje om sjukdommen til Karoline

Diabetessjuke Karoline Thorbjørnsen fekk ikkje forsvarleg helsehjelp då ho var døden nær ved sonen sin fødsel. Diabetesforbundet er uroa over kunnskapen om diabetes på norske fødeklinikkar.

Etter eit og eit halvt døgn får Karoline møte sonen for første gong.

LIVSTRUGANDE: Både Karoline Thorbjørnsen og vesle Magnus var i livsfare då blodsukkernivået hennar var ute av kontroll under fødselen. Etter eit og eit halvt døgn fekk ho møte sonen for første gong.

Foto: Privat

Karoline har lenge sett fram til denne dagen.

Alle førebuingane er gjort. Barnesenga og vogna står klar. Namnet er bestemt. Sonen skal heite Magnus, etter farfaren.

Ho har gledd seg til å bli mamma, og har alltid sett for seg at ho skulle få mange barn.

Ein torsdag føremiddag i februar 2018 kjenner ho at no skal det skje. Karoline kjenner seg roleg, men sambuaren Thomas meiner det hastar. Snart er dei på veg til Kvinneklinikken.

Då ho går inn skyvedørene til den store, kvite mursteinsbygningen der dei fleste nye bergensarar vert fødd, er det med forventning.

Som dei fleste fødande kvinner, kvir ho seg for fødselen.

Men ho veit ikkje at neste døgnet kjem både ho og barnet i magen til å vere i livsfare.

Inngangen til Kvinneklinikken på Haukeland Universitetssjukehus

SPENT URO: Då ho gjekk inn dørene til Kvinneklinikken i Bergen, ante ikkje Karoline kor dramatisk fødselen skulle bli.

Foto: Ingvild Ulset / NRK

Blodsukker og insulin

Karoline Thorbjørnsen fekk diagnosen diabetes type 1 då ho var fem år gamal. Blodsukkeret hennar må overvakast kontinuerleg. Ho har eit lite apparat festa på magen som alltid kan tilføre insulin om ho treng det.

Samstundes må ho alltid sjølv følge med på at ting er som dei skal. Ho står alltid opp om natta for å sjekke blodsukkernivået. Det skal så lite til før det kjem ut av balanse.

Sjukdomen påverkar henne i mange fasar i livet. Då ho vert gravid, veit ho at den vil vere ei stor utfordring.

Ho veit at under fødselen vil ho ikkje sjølv vere i stand til å følge med på blodsukkeret. Ho er heilt avhengig av at helsepersonellet veit kva dei gjer og at dei kan hjelpe henne.

Dette møter ho forståing for på Haukeland universitetssjukehus. Karoline føler at dei tek henne på alvor.

Karoline Thorbjørnsen, gravid i sjette månad

PÅ VEG: Karoline som gravid i sjette månad.

Foto: Privat

Difor føler ho seg trygg då ho blir tatt hand om på Kvinneklinikken ut over ettermiddagen denne torsdagen. Ho opplever at dei har erfaring med kva ho treng.

Men det skal endre seg. Seint på kvelden er det vaktskifte på KK.

Vanskeleg for kvinneklinikkane

Karoline var klar over at det er meir risikabelt for kvinner som henne å føde. Det viser all statistikk.

Elisabeth Qvigstad, overlege ved Rikshospitalet og UiO, seier at kvinner med diabetes opplever komplikasjonar to til fire gonger oftare enn andre.

Forskaren seier fødslar kan vere ekstreme påkjenningar for kvinner med diabetes. Slik det vart for Karoline.

Det er kring 250 fødslar her i landet kvart år der mora har diabetes type 1. Det er for få til at helsepersonell får nok trening i slike fødslar.

– Difor må sjukehusa følgje eit skjema, og det er vanskeleg å gje individuelt tilpassa behandling. Sjølv om det er lagt ein plan for å regulere blodsukkeret, kan dette forklare at det kan være vanskeleg å få til.

Overlege i endokrinologi, Elisabeth Qvigstad

EKSTREM PÅKJENNING: – Kvar pasient treng tilpassa behandling, men det manglar ofte ein plan, seier overlege Elisabeth Qvigstad.

Foto: privat

Det er kvinnene som best kjenner sin diabetessjukdom, men det kan være vanskeleg for dei å følge med på blodsukkeret under fødselen. Qvigstad oppmodar ofte nær familie om å lære seg opp til å hjelpe dei fødande.

Men på Haukeland har Thomas fått det rådet at han bør passe på dei andre behova Karoline no har. Helsepersonalet skal passe på at alt går bra med kroppen hennar.

Smerter og høgt blodsukker

Karoline opplever at den nye jordmora ikkje har kompetanse på diabetes.

– Ho la ansvaret på meg. Eg måtte velje korleis eg skulle få insulin, intravenøst eller med pumpe. Men eg var ikkje i stand til å svare på slike spørsmål. Eg hadde sterke smerter, og visste ikkje kva eg hadde behov for dei neste timane.

Karoline merker at ho ikkje har kontroll, og seier ho ber om å få tilsyn av ein lege. Og at ho ber om ei ny jordmor.

Ønsket blir avvist. Karoline kjenner at ho blir stadig dårlegare.

Ho forstår at blodsukkeret hennar er i ferd med å bli alarmerande høgt. Då ho ber om å få sukkerfri saft, får ho i staden appelsinjuice.

Ho drikk den ikkje, men blodsukkeret hennar stig likevel dramatisk.

Normalt skal blodsukkerverdiane vere mellom 7 og 10. Då Karoline til slutt får tilsyn av lege, har det stige til mellom 16 og 17.

Det er eit kritisk nivå, og det er framleis stigande. I tillegg er Karoline midt i ein fødsel.

– Det var vanskeleg for meg å prate, og enno verre å bli forstått. Eg tenkte: «om nokre timar kjem det nytt personale på jobb. Eg må berre konsentrere meg om å puste. Eg må berre halde ut.»

Kvinneklinikken på Haukeland universitetssjukehus

IKKJE KONTROLL: Etter eit vaktskifte på Kvinneklinikken opplevde Karoline at den nye jordmora ikkje hadde kompetanse på diabetes.

Foto: Oddgeir Øystese

Naudkeisarsnitt på sviktande grunnlag

På Haukeland vert det ikkje tid til å vente på eit vaktskifte. Fødselen har stoppa opp. Tidleg fredag morgon vert det avgjort at det må takast naudkeisarsnitt.

– Eg høyrer dei snakkar om blodsukkernivået mitt, om at det er «lett forhøya». Men då dei triller meg inn på operasjonssalen er blodsukkernivået mitt er på over 20.

Karoline veit at dersom operasjonen vert starta, er det livstruande. Ho klarer ikkje snakke samanhengande og slit med å halde seg vaken.

– Eg hadde klare teikn på det vi kallar syreforgifting. Det var heilt forferdeleg. Eg følte at eg heldt på å døy, og klarte ikkje å gje beskjed om det.

Kirurgen som skal gjere inngrepet får aldri beskjed om at Karoline har diabetes eller høgt blodsukker. Då ho glir inn i koma er Karoline overtydd om at ho aldri kjem til å vakne igjen.

Ho får ikkje med seg augeblikket då ho klokka 9 fredag morgon 16. februar vert mamma til vesle Magnus.

Døgn i ørske

Det første Karoline hugsar frå dagane etter fødselen er at ho vaknar til at sambuaren Thomas strigret.

Men alt er bra med Magnus. Det er synet av kona som skakar han. Ho har vore døden nær, og ho ser herja ut.

Dei neste døgna glir ho inn og ut av medvite.

– Mannen min sprang mellom Magnus og meg. Eg registrerte lite rundt meg. I dag hugsar eg ingenting frå denne perioden.

Karoline er i ferd med å komme til hektene etter mange dagar på sjukehuset.

DET ENDA GODT: Det tok fleire dagar før Karoline var frisk nok til å sitte oppreist.

Foto: Privat

Karoline burde aldri ha blitt operert. Kirurgen som utførte keisarsnittet innrømmer at ho aldri ville ha gjort inngrepet om ho hadde blitt fortalt om blodsukkernivået til pasienten.

Sjølv om konsekvensen ville ha vore at barnet i magen truleg ikkje ville ha overlevd.

Det er kirurgen som oppmodar Karoline og familien om å klage på behandlinga dei fekk på Haukeland denne natta.

Meiner det er dårleg kompetanse på diabetes

Karoline si historie er ikkje unik. Diabetesforbundet seier låg kunnskap om diabetes type 1 er eit problem på fødeklinikkar over heile landet.

Generalsekretær Bjørnar Allgot seier dei har vore i kontakt med mange kvinner med likande historier. Kvinner som føler seg utrygge og som får mangelfull oppfølging.

Særleg meiner forbundet det er kritikkverdig at det ofte manglar ein klar plan for korleis ein skal kontrollere blodsukkernivået til dei fødande.

Allgot minner om at sjølv om det kan vere utfordrande for jordmødrer å ha nok kompetanse på diabetes, så skal sjukehusa ha tilsette med kompetanse som ein kan ta kontakt med.

Haukeland innrømmer svikt i fleire ledd

I november i fjor konkluderte Fylkeslegen i Hordaland med at Karoline ikkje hadde fått tilstrekkeleg helsehjelp. Kvinneklinikken på Haukeland er samd i at dei svikta.

– Vi har bedt om orsaking til Karoline, seier klinikkdirektør Susanne Albrechtsen.

– Det var ei uønskt hending. Vi har hatt ein grundig gjennomgang av alle retningslinjer og rutinar etter denne saka.

Både kompetansen på måling av blodsukker, kompetanse på å styre blodsukker og kommunikasjon mellom helsepersonalet svikta denne natta.

Susanne Albrechtsen, klinikksjef ved Kvinneklinikken

– VI SVIKTA: Klinikkdirektør Susanne Albrechtsen ber Karoline om orsaking. – Det var ei uønskt hending. Etter den har vi arbeidd systematisk med rutinane.

Foto: Oddgeir Øystese

Albrechtsen forklarer at dei har mellom 30 og 40 fødslar årleg av mødrer med diabetes type 1.

– Er det trygt for kvinner med diabetes type 1 å føde på Haukeland?

– Ja, det vil eg absolutt hevde at det er. Vi har arbeidd systematisk med dette etter hendinga, seier klinikkdirektøren.

Fylkeslegen seier seg nøgd med tiltaka på Kvinneklinikken. Ingen einskildpersonar har fått straff etter hendinga.

Redd for å få fleire barn

I dag er Magnus ein glad gut som nettopp har fylt to år. Karoline Thorbjørnsen er glad kirurgen aldri fekk nok informasjon til å stoppe operasjonen.

Men framleis slit ho med komplikasjonar frå fødselen. Og framleis er det vondt å tenke på hendinga vinteren 2018.

– Det tok lang tid å bli frisk. Eg mista mykje tid med barnet mitt. Kvar gong blodsukkeret mitt steig var eg redd for å døy. Og eg er var redd for å oppsøke sjukehus og helsepersonell.

Karoline og Thomas har gifta seg. Men frykta for ein ny fødsel er sterkare enn ønsket om fleire barn.

– Eg vågar ikkje gå gjennom ein ny fødsel. I alle fall ikkje på Kvinneklinikken i Bergen. Det er vondt. Eg har alltid hatt lyst på mange barn. Og Magnus ville ha blitt ein veldig god storebror.

Magnus, to år gamal

EINEBARN: Magnus er i dag to år. – Han ville ha blitt ein veldig god storebror, men eg vågar ikkje gå gjennom ein ny fødsel, seier mora.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK