Hopp til innhold

Kasta ut av sjukeheimen

87 år gamle Anna Josefine Horn vart kasta ut av Kulatoppen Omsorgsenter i Måløy sjølv om ho ønskjer å bu der.

Anna Josefine Horn
Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Eldreomsorga i Vågsøy har ikkje nok institusjonsplasser til alle som ønskjer det, og må dermed sende eldre tilbake til heimane deira.

Horn seier til Fjordenes Tidende at det heile er skammeleg og at ho ikkje får sove om nettene.

- Det var eit sjokk å få beskjeden om at eg måtte reise. Eg tenkjer spesielt på dette med tryggleik. Eg kjende meg mykje tryggare på Kulatoppen enn eg gjer no, fortel Horn, som er avhengig av rullestol og hjelp til det enklaste gjeremål.

21 eldre ventar på institusjonsplass i Vågsøy for tida.

Rådmann i Vågsøy, Ørjan Raknes Forthun, meiner likevel at omsorgstilbodet er fagleg forsvarleg.