Hopp til innhold

Tok EM-tittel i ein sport ho aldri hadde høyrt om

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Trude Raad (Gloppen) fekk ikkje dei lengste kasta. Likevel kan ho smykke seg med EM-tittelen i Rasenkraft.

Sportsgreina hadde ho aldri høyrt om før invitasjonen dukka opp på Facebook. No kan Trude Raad likevel smykke seg med EM-tittelen.

Og det utan å oppnå dei lengste kasta i sleggje, vektkast og steinkast.

– Eg trudde aldri at eg kom til å vinne dette. Det var berre for moro eg vart med, men så vann eg fordi dei var tyngre, smiler Norges nest beste sleggjekastar.

Vann på vekta

Raad har frå ei lang rekkje medaljar frå senior-NM i både diskos og sleggjekast, samt to gull frå OL for døve. Som junior har 22-åringen også teke fleire NM-titlar i kastringen.

Ho reiste til Tyskland for å knive mot ni konkurrentar i den litt spesielle U23-meisterskapen. I sleggje sleit ho litt med teknikken, men med eit lengstekast på 61,74 meter presterte ho likevel sin nest beste konkurranse.

I vektkast og steinkast vart det 30,11 meter og 9,91 meter. Utrekna i høve til kroppsvekta, gav desse resultata henne EM-tittelen.

– Eg kom vel på tredje plass i sleggje og vektkast. I steinkast er eg usikker. Men plasseringa betyr no ikkje så mykje, seier 22-åringen.

Trene meir vektkast

Om det var ei idrettsgrein ho aldri hadde høyrt om, så tykkjer ho det var ei svært uvant, men grei erfaring å få med seg.

– Eg ser faktisk at eg burde trent litt meir vektkast. Det er faktisk ganske relevant for sleggje, som eg driv med. Du krev styrke i heile kroppen og du må ha teknikk. Eg trur det kan vere bra for meg, avsluttar ho.