Det er nesten eit halvt århundre sidan sist det flytta ei ung kvinne til Frønningen, men for Kari er dette draumen som går i oppfylling.
Her kan du sjå programmet:
10 fastbuande
Historia utspelar seg i den vesle fråflyttings-bygda Frønningen på sørsiden av Sognefjorden.
Dette var heilt sidan middelalderen eit storgods, med ein av Vestlandets flottaste skogar. Men då den store skogsdrifta tok slutt for nokre tiår sidan, starta ein bratt nedtur for bygda. Butikken blei nedlagt, det same skjedde med skulen, og fergetilbudet er innskrenka. I dag er det berre ti fastbuande igjen på Frønningen.
I denne utkanten er det altså at Kari Helene Flæte (34) vil skapa framtida si.
Frieri
Reidar Lyngset (38) er fødd og oppvaksen på Frønningen, og har arbeidet sitt i skogen her. Saman med Kari planlegg han det som skal bli deira felles framtid i bygda. Vi får vera med på gardsarbeid, og ikkje minst eit ekte frieri i den storslåtte naturen.
Ikkje alt går etter planen, men dei går trøstig i gang og byggjer nytt hus, det første på over førti år på Frønningen.
Ein del av Frønningen ligger innefor Nærøyfjorden verdsarvområde. Saman med Kari og Reidar opplever vi den dramatiske naturen i området, og det rikhaldige dyrelivet der hjorten spelar hovudrolla.
Programmet er laga av Oddmund Lunde og Liv-Randi Lind.