Hopp til innhold

Kan måtte sende heime heile klassar

Skulen på Lærdalsøyri har så få lærarar at elevane risikerer å bli sende heim dette året.

Lærdalsøyri skule

MÅ KUTTE: Lærdalsøyri skule må kutte i bemanninga etter at kommunen må spare pengar.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Klassar på dei høgaste aldersstega kan bli utan tilsyn, og reint unntaksvis kan klassar bli permitterte. Det håpar eg at vi skal unngå å gjere, seier rektor Eva Hage Solstad til Sogn Avis.

Avisa skriv onsdag om sparekniven i Lærdal, som fort kan bli svært så merkbar dette året. Lærdalsøyri skule må spare om lag 550.000 kroner.

Rektor fortel at pengane skal hentast inn ved å kutte totalt eitt pedagogårsverk i løpet av året.

– Den økonomiske stoda har ført til at vi ikkje kan dekkje opp korte fråver, som til dømes kurs. Dette vil bli løyst anten ved å slå saman klassar og grupper – unntaksvis kan klassar bli permitterte, seier Hage Solstad til Sogn Avis.

Klassekontaktar og foreldrearbeidsutvalet er inviterte til eit informasjonsmøte om situasjonen onsdag kveld.