Hopp til innhold

Kan bli størst i vest

Dette kan bli Nortura sitt nye hovudanlegg på Vestlandet.

Nortura sitt anlegg i Førde.
Foto: Kjell Arvid Stølen

Anlegget i Ålesund blir etter alt å døme lagt ned, noko som gjer at Førde må ta imot mykje meir slakt.

- Vi har mykje ledig kapasitet, seier Eivind Fonn, driftsleiar ved anlegget i Førde.

Underskot

Nortura slit med store underskot og har som målsetjing å auke lønsemda med 2,5 milliardar kroner innan utgangen av 2012. For å få dette til må fleire anlegg leggjast ned og talet på tilsette reduserast kraftig.

I ei fersk pressemeldig frå Nortura går det fram at Ålesund er eitt av tre anlegg som truleg blir lagt ned. Leiar for dei Nortura-tillitsvalde, Paul Sindre Vedeld, på Vestlandet trur anlegget i Førde blir det nye hovudanlegget på vestlandet.

- Eg vil tru det blir nedlagt, seier Vedeld.

Stor kapasitet

Det blir årleg slakta 38.000 storfe og gris i Førde, men anlegget har kapasitet til å ta imot ytterlegare om lag 20.000 dyr. Vedeld seier at Førde-anlegget kanskje må utvidast.

- Det kan verte auka aktivitet, men om det blir utviding er det for tidlig å seie noko om.