Hopp til innhold

Kan bli ny produksjon i Høyanger

– Det er inngått ein intensjonsavtale med nokre franske interessentar som har vore på bana ganske lenge.

Fundo

Dei tidlegare fabrikklokala til Fundo Wheels i Høyanger.

Foto: Cosmin Cosma, NRK

Kjartan Longva

Kjartan Longva, ordførar i Høyanger.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK

Det seier Høyanger-ordførar Kjartan Longva.

Saint Jean Industries har lenge vist interesse for felgfabrikken i Høyanger, og nyleg vart det inngått ein intensjonsavtale mellom kommunen og det franske selskapet.

Hybridfelgar

Etter det NRK kjenner til ønskjer Høyanger kommune å overta fabrikklokala, for så å leige det ut til franskmennene.

– Vi skal sjå om det er mogleg å få til produksjon av ein ny, toppmoderne felg, den såkalla hybridfelgen, fortel ordførar Longva.

Det er Innovasjon Norge som sit på konkursbuet og som eig pantet på hybridhjulet.

Nøkkelposisjon

Longva meiner difor at Innovasjon Norge vil ha ein viktig posisjon i spørsmålet om planane let seg realisere.

– Dei vil vere ein nøkkelpart i finansieringa av eit eventuelt nytt firma, seier ordføraren.

På det meste var det 350 tilsette ved Fundo Wheels i Høyanger. Kor mange av desse som eventuelt vil få vere med vidare i det nye selskapet er usikkert.

Når hausten kjem

Tidlegare hovudtillitsvald Terje Molvik er i alle høve svært glad for dei nye planane.

– Eg tykkjer det er kjempeflott om det blir noko av. Vi treng verkeleg eit slikt initiativ i kommunen med tanke på kor mange som framleis går arbeidsledige. Det er spesielt bra at det kjem no, sidan mange har ferie og ikkje veit kva dei skal gjere når hausten kjem, fortel han.