Hopp til innhold

No kan dei i verste fall fange og få avliva flyplass-oteren i Florø

Oteren som tidvis har vore ei plage for Widerøe-flya i Florø kan no avlivast med lova i hand. Men først må dei prøve å stenge den ute frå rullebana.

Oter på flyplassen

PLAGSAM KRABAT: Oteren, som fleire gonger har vore observert inne på flystripa i Florø, kan no i verste fall fangast og avlivast.

Foto: Kjersti Rylandsholm/Birger Meland / NRK

Fylkesmannen har no gjeve løyve til at den vesle krabaten i verste fall kan fangast og overlatast til Statens Naturoppsyn.

– Det vi er redd for er at vi kan risikere å få ein kollisjon mellom oter og fly. Vi må ha tiltak mot at dette skal skje, seier flyplassjef Siv Merete Stadheim til NRK.

Lufthamnsjef Siv Merete Stadheim

FLYPLASSJEF: Siv Merete Stadheim forsikrar at avliving er siste utveg.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Men før dei eventuelt kan fange oteren og late SNO avlive den, må andre tiltak prøvast først.

Må tette gjerdet

– Vi har fått eit løyve frå Fylkesmannen der dei ber oss om å setje på maske på gjerdet rundt flyplassen. Vi må og sjekke om det gjerdet er tett alle plassar, eller om det finst holer der dyret kan krype under og inn på rullebana, seier Stadheim.

Ho sler fast at dei har ingen intensjon om å avlive dyr som kan vere farlege for flya, men dei vil måtte vege dette opp mot risikoen for ein kollisjon.

– Avliving er siste utveg, det vil det alltid vere, seier Stadheim.

NOAH er kritisk

Siri Martinsen, som er leiar i dyrevernorganisasjonen NOAH er kritisk til at Avinor har fått skadefellingsløyve. Ho syner til at oter er raudlista og meiner at det for lett blir gitt fellingsløyve.

– Dette skal jo først og fremst vere eit førebyggjande tiltak og løyvet kjem med vilkår om at førebyggjande tiltak skal prøvast først. Vi synes likevel at det er negativt at ein er så raske med å gje fellingsløyve, seier Martinsen.

Ho fryktar at Avinor i Florø ikkje vil leggje seg i selen med førebyggjande tiltak når dei no har fått løyve til i verste fall å fange oteren.