Hopp til innhold

Kalla SV-politikar for «luremus» i bystyret

SV vil prioritera Vossebanen og «dødsvegen» E16 før ferjefri E39 og andre store vegprosjekt. – Me lar oss ikkje lura av ei luremus frå SV, sa Eiler Macody Lund frå FrP.

Eiler Macody Lund

FEKK KORREKS: Ordførar Trude Drevland ga Frp-representant Eiler Macody Lund klar beskjed om at ho ikke fann seg i slike karakteristikkar frå talarstolen i bystyret.

Foto: Magnus Aamo Holte / NRK

Forslaget til Tina Åsgård om tydelegare prioriteringar av samferdsleprosjekt skapte heftig debatt i bystyret i Bergen tysdag.

Tina Åsgård

FEKK ORSAKING: Tina Åsgård fekk ein orsaking av Macody Lund på slutten av debatten.

Foto: Pressefoto / SV

– SV har vorte anklaga for å vera eit «Ole Brum»-parti, men i dette forslaget seier me tydeleg ifrå om at me må prioritera, sa Åsgård.

– Diskriminerande og nedsetjande

Forslaget går ut på sterkare prioritering ulukkesvegen og jernbane mellom Bergen og Voss, vart latterliggjort av Frp sin samferdsletalsamann i bystyret. I følgje SV bør prosjekta mellom Voss og Bergen samt Bybanen i Bergen ha ein høgare status enn andre prosjekt på prioriteringslistene.

– Denne interpellasjonen er ei luremus. Dette betyr i prinsippet at me skal prioritera ned ferjefri E39, Arnatunnel, Nyborgtunnel og andre prosjekt. Me i FrP lar oss ikkje lura av ei luremus frå SV, sa Eiler Macody Lund frå Framstegspartiet.

Oddny Miljeteig frå SV reagerte sterkt på ordbruken.

– Når ein representant ordlegger seg slik kan ein slutta å komma med krokodilletårer neste gong det skjer ei dødsulukke på E16.

Også Marte Mjøs Persen frå Ap reagerte kraftig på ordbruken.

– Dette er både diskriminerande og nedsetjande, sa Ap sin fungerande gruppeleiar.

Ordførar Trude Drevland sa, etter å ha tenkt seg om, at ho ikkje fann seg i slike karakteristikkar frå talarstolen i bystyret.

KrF vil prioritera Nyborgtunnelen

Marte Mjøs Persen

REAGERAR: Arbeiderpartiet sin gruppeleiar, Marte Mjøs Persen.

Foto: Thomas Anthun Nielsen / NRK

Dei tre største byystyrepartia ønskte ikkje å støtta innhaldet i forslaget til SV.

Venstre er langt meir positive.

– For oss i Venstre er det avgjerande å satsa på bane. Sidan full satsing på Bybanen er ein del av forslaget kan me støtta det, sa Julie Andersland som og tok avstand frå ordbruken til Lund.

Harald Breistein frå KrF ønskjer ikkje å prioritera ned andre prosjekt.

– For oss er Nyborgtunnelen og ny E39 mot sør for viktige til å nedprioriterast, sa Breistein.

LES OG: Nå skal det gå raskere med buss enn bil

Bad om orsaking

Mot slutten av debatten gjekk Eiler Macody Lund på talarstolen og bad om orsaking.

– Eg har ikkje meint å snakka nedsetjande om Tina Åsgård eller nokon andre, så det beklagar eg, sa Lund.

Bystyret støtta ikkje forslaget om å prioritera E16 og Vossebana framfor andre prosjekt.