Hopp til innhold

Kald vår i vente

Statistikken tilseier at ein kald vinter vert fulgd av ein kald vår.

Med vår i vente

Illustrasjonsfoto

Foto: Ingvil Aaen Torpe / NRK

- Etter ein kald vinter har ein fått mykje frost i bakken, og det ligg snø. Når bakken er kald, får ein ikkje den lokale oppvarminga om våren. Nysnø sender 90 prosent av solstrålene rett ut att, medan svart moldjord tek til seg nesten alt av stråling, forklarar Klimaforsker Hans Olav Hygen ved meteorologisk institutt.

Under 0,9 grader i snitt

Hygen har undersøkt 110 vårar, og funne statistisk samanheng mellom temperaturen om vinteren og våren. Av 39 kalde vintrar på vestlandet, var 26 av dei etterfølgjande vårane kalde. Og då meiner han skikkeleg kalde.

- Utgangspunktet er normaltemperaturen av vårane frå 1960 til 1999. Då var det generelt mykje kaldare enn i dag, særskild i 60-åra. Dei vårane som har vore under denne normaltemperaturen, er kategorisert som kalde, og dei over som varme.

Og normaltemperaturen for ein vår her er på 0,9 grader. Denne våren ligg altså statistisk sett til å verta kaldare enn dette. Hygen kan likevel trøysta litt.

- 0,9 grader gjev eit litt falsk bilete. For det fyrste er mars rekna som vår, og det er jo ein kald månad. For det andre er fjellområda med i normaltemperaturen. Og det er jo kaldare på Fanaråken enn i Førde sentrum.

Uvisst korleis sommaren vert

Spørsmålet då er jo når det skal bli varmt. Den same statistikken viser at av dei 39 kalde vintrane, har 23 somrar vore varme på vestlandet. I dei andre delene av landet er det likevel færre varme somrar etter kalde vintrar, og Hygen trur ikkje det er slik at vestlandet oftare får varme somrar etter vintrar som i år.

- Det er tilsynelatande samanhengar, men ingen eigentleg samanheng. Dette har nok fyrst og fremst med tilfeldige variasjonar å gjera, seier han