Hopp til innhold

Jentetreff skaper harme

I Førde satsar dei på "verdame", moteshow og spa når kvinnedagen skal markerast 8. mars.

Dans utan grenser under Oslo Fashion Week

Dette får deltakarane på jentetreffet 8. mars oppleve. Bilete frå framsyninga til Dans utan grenser under Oslo Fashion Week forrige veke.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

Invitasjonen har skapt harme blant dei som er tilhengjarar av ei meir tradisjonell markering.

- Det minnar meir om eit moteshow, seier Rita Tonning, som har arrangert kvinnedagsmarkeringar i Førde i mange år.

Sei di meining: Er det feil å markere kvinnedagen på denne måten?

Kan vinne bli-ny-dag

Elegante damer med rosa klede, diamantsmykke og raud leppestift prydar brosjyren. På programmet står ein kvinneleg gründer, lokale moteklede og deltakarane kan vinna ein bli-ny-dag med spa, frisør, sminke og nytt antrekk.

Invitasjon til jentetreff

Invitasjonen til jentetreffet er ikkje blitt like godt motteken hos alle.

- Eg ville brukt 8. mars-feiringa til litt andre ting enn å ha fokus på mote, seier Tonning.

På programmet står også verpresentatør på TV2, Eli Kari Gjengedal. I invitasjonen står ho omtalt som "verdame", forfattar, miljøforkjempar og sogning.

- Mykje gjenstår

Tonning meiner kvinnedagen bør brukast til å feire kvinnene for dei milepælane som er oppnådd opp gjennom åra.

- Kvinneorganisasjonane og fagrørsla har dei siste 100 åra jobba med ein god del viktige saker. Noko har vi fått til, men mykje gjenstår.

Tek ikkje kritikken tungt

Det er Sparebanken Sogn og Fjordane, Innovasjon Norge og Førde Internasjonale Folkemusikkfestival som står bak jentetreffet.

- Hovudtema er miljø og gründerskap, seier Lene Grande i banken.

Ho tek ikkje kritikken rundt motevisninga så tungt.

- Dette er eit tilbod til kundane våre. Dei vel sjølv om dei vil komme eller ikkje. Vi har ei lang påmeldingsliste allereie. Her i Førde må det vere rom for eit stort mangfald og mange ulike arrangement den dagen.