Ei tolv år gammal jente er påkøyrt av ein bil ved Haukanesvegen i Tysse.
– Ho er sendt til akuttmotaket på Haukeland sjukehus, men ho skal ikkje vere alvorleg skada, seier operasjonsleiar Frode Kolltveit.
Jenta sat på ein sykkel då ho blei truffen av personbilen.
– Bilen har hatt ein fart på omlag 50 kilometer i timen då den traff jenta med fronten, seier Kolltveit.
Sjåføren av bilen er ikkje skada.
Politiet er framleis på staden.