Det oppstod lang kø på begge sider av Jamnatunnelen nord for Vaksdal etter at den vart stengt ved 07-tida i dag.
Ein stein fall ned frå taket, og geolog måtte på plass for å undersøka taket.
– Geologen meiner det ikkje er noko fare for at fleire steinar skal dette ned, og at det er greitt med manuell dirigering av trafikken, seier Kristian Fauskan i Vegtrafikksentralen.
Steinen ligg framleis i vegbana, og vil ikkje bli rydda vekk før i kveld.
– Me vil halda fram med manuell dirigering utover dagen, og så stenger me tunnelen i kveld for å rydda vekk steinen. Me veit ikkje nøyaktig når det vil skje, seier Fauskan.
Ingen vart skada i hendinga.
Det oppstod kø og ein del problem på gamlevegen rundt tunnelen. Dette er ein smal veg og bilane har problem med å passera kvarandre, opplyser Statens vegvesen.
Saka vert oppdatert.