Hopp til innhold

Jaktar sognajente til ny kortfilm

Er du jente frå Sogn og mellom 25 og 35 år, vil Daniel Volle meir enn gjerne snakke med deg.

Daniel Volle og Einar Loftesnes

PÅ JAKT: Daniel Volle og Einar Loftesnes er på jakt etter ein kvinneleg skodespelar i slutten av 20-åra i Sogn.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Det unge filmtalentet er på jakt etter ei ekte sognajente til den neste kortfilmen «Usynleg».

– Sognadialekta er viktig. Elles normal høgde, kan godt vere litt trent, men ikkje noko modell, og ikkje spesielt jålete. Du må vere ekte, seier Volle.

Film om gjenferd

Volle står for manus og regi i filmen. I produksjonsteamet har han også med seg Einar Loftesnes som produsent.

Filmen handlar om gjenferdet «Rune» på jakt etter kjærleiken han hadde medan han levde, og «Helene» som er i djup sorg og ikkje kjem seg vidare etter tapet av «Rune».

– Fredag har vi casting i Sogndal kulturhus. Dei som ikkje har høve til å komme kan oppsøkje oss på Facebook, fortel Volle og Loftesnes.

Manglar «litt» pengar

Gjengen bak «Usynleg» har fått ein mannleg sogning til å spele «Rune». I tillegg er midlane byrja å kome på plass.

– Vi ligg bra an. Har fått inn ein god del av pengane vi treng, så no ser vi på dato for oppstart av innspelinga. Litt meir pengar no, så er vi i mål, seier Volle.

– Det har vore veldig positivt. Vi har fått støtte frå alle vi har spurt. Så langt har vi 550 000 kroner, men vi mangler 120 000 kroner til før vi kan byrje. No blir det også kronerulling på nettet, seier Loftesnes.

Kvalitetsfilm

Loftesnes har produsert og vore produksjonsleiar sidan 2003. Med denne filmen tek 37-åringen steget over i rolla som rein produsent for fiksjon.

Litt spesielt at det skjer på heimebane.

– Det er alltid kjekt å bruke unge talent som har studert i Oslo og resten av verda for å bli filmskaparar, og så flyttar dei faktisk heim og prøver å lage kvalitetsfilm frå heimfylket, seier han.