Hopp til innhold

Jaktar framleis gjerningsmann

Politiet i Stryn har framleis ikkje pågripe nokon etter overfallet på ambulansepersonell natt til laurdag.

Ambulansestasjonen i Stryn

KOM SEG INN: Ein person tok seg inn på ambulansestasjonen i Stryn natt til laurdag og overfalt ei kvinne.

Foto: Arne Vik

Ei kvinne i 30 åra fekk slag- og kuttskader etter at ein framand person hadde teke seg inn på ambulansestasjonen i Stryn natt til laurdag.

Etterforskar framleis

- Vi har etterforska saka for fullt og arbeidet med å finne personen held fram, seier Lensmann Lasse Trosdal.

Politiet fekk ekstra ressursar i etterforskinga, og har drive vitneavhøyr og etterforsking gjennom heile helga.

- Dei tilsette på ambulansestasjonen i Stryn er prega etter hendinga, seier ambulansesjef i Helse Førde, Stian Sægrov.

Fleire teoriar

Ein av teoriane til politiet er at gjerningspersonen var på jakt etter medikament på ambulansestasjonen, men lensmann Trosdal vil ikkje kommentere om gjerningspersonen fekk med seg medikament.

– Vi jobbar ut frå fleire teoriar, men eine hovudteorien er at vi trur at vedkommande har vore på jakt etter medisinar, seier Trosdal.

Vil kartlegge

Trosdal kan heller ikkje seie at politiet har kunne konstatere noko innbrotsstad.

Det var to personar på jobb i stasjonen då overfallet skjedde.

Folk som var i sentrum av Stryn laurdags natt er bedne om å kontakte politiet og så langt har mange meldt seg.