Hopp til innhold

Trur på internasjonalt forbod mot fjorddeponi i Førdefjorden

Naturvernforbundet spår at det kan komme eit internasjonalt forbod mot fjorddeponi av gruveslam. Nordic Mining har planer om eit slikt deponi utanfor Vevring.

Fjorddeponiet i Førdefjorden

INTERNASJONALT FORBOD: Naturvernforbundet spår at det kan komme eit internasjonalt forbod mot å dumpe gruveslam i fjorden, slik Nordic Mining har planer om i Førdefjorden.

Foto: Illustrasjon: Nordic Mining

Seniorrådgjevar i Naturvernforbundet Mads Løkeland trur FN kan kome til å forby at gruveslam kan sleppast på fjorden.

–Dersom det blir gjennomført slik at utslepp frå land blir lagt under dei same strenge regelverket som i dag gjeld for nordsjøaktivitet, så vil det i praksis bety eit forbod mot bruk av norske fjordar som dumpingplass for private.

Forbod på ope hav

I dag er det forbod mot å dumpe avfall på ope hav. Gjennom Londonprotokollen har Norge også forplikta seg til å følgje dette. Men forbundet meiner problemet er at det ikkje er eit like sterkt forbod mot å dumpe avfall på sjøen om ein gjer det frå land.

–Så derfor har FNs miljøorganisasjon innleia eit samarbeid med Londonprotokollen for å få det same strenge regelverket for utslepp frå land som det som er på ope hav, seier Løkeland.

Gruvemotstandarar i Vevring.

MOTSTAND: Protestane mot planane til Nordic Mining har vore mange.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

I tillegg til Norge er det i fylgje Naturvernforbundet berre Tyrkia, Indonesia, Filippinene og Papua New Guinea som tillet sjødeponi.

I fylgje Naturvernforbundet vert no Norge sin praksis granska.

Viktig for Norge

Løkeland trur behandlinga i internasjonale organ vil kunne få stor betydning for striden om Førdefjorden.

Han seier det ser ut som 2013 er året då ein skal konkludere og få dette inn i regulerte former. Dermed kan det ta tid.

–Men ein kan jo sjå føre seg at Norge brått blir ståande som eit av ytterst få land i verda som tillet å dumpe avfall frå land, seier Løkeland.