Hopp til innhold

Gratis sirkus for naustedøler...

... på Skei som eit plaster på såret.

Avlyst sirkus i Naustdal

Dette var synet som møtte dei som ville på sirkus i Naustdal onsdag.

Foto: MMS-tipsar / NRK

Onsdag måtte direktør for Cirkus Agora, Jan Kjetil Smørdal, avlyse sirkuset som var planlagt i Naustdal sentrum, då han ikkje fann lokale til førestillinga.

Men det var det ingen som fekk vite.

Det skriv firda.no .

Informerte ikkje

Avlyst sirkus i Naustdal

Plakaten hang der, men det var ikkje noko sirkus i Naustdal onsdag.

Foto: MMS-tipsar / NRK

Sidan sirkuset er utan telt for tida, leiger Smørdal lokale etterkvart som sirkuset kjem til byar og tettstader. Dette var ikkje mogleg i Naustdal, sidan alle potensielle lokale var opptekne. Og då reiste sirkuset vidare – utan å informere om avlysinga.

– Det er dumt å marknadsføre seg på den måten, for deretter å gje blaffen. Dei burde i det minste informert om at sirkuset var avlyst.

Det seier Jørn Helgheim til Firda, som hadde tenkt å ta med borna sine på sirkus i Naustdal. Men då dei kom til sentrum var det ikkje noko sirkus å sjå.

Gratis sirkus – på Skei

Smørdal beklagar hendinga, og påpeiker at dei ikkje har apparatet til å informere om avlysinga. Han seier han jobba som ein gal for å finne lokale i tide, utan hell.

– Som eit plaster på såret får alle naustedøler gratis sirkus dersom dei kjem til Skei i kveld, lovar han.

Sirkuset slit med økonomiske utfordringar, men direktøren er trygg på at dei kjem tilbake til Naustdal etterpå.

– Vi gir aldri opp, og eg lovar at vi kjem sterkt tilbake i Naustdal neste år, seier sirkusdirektøren.