Hopp til innhold

Ekstreme månader er over for Ingeborg (33) - slik skal ho skeie ut i kveld

Ingeborg Sol Fure (33) frå Førde kom ikkje til finalen under NM i bodyfitness i dag. Mange månader med hard trening og diett er no over.

Ingeborg Sol Fure

PÅ SCENA: Ingeborg Sol Fure på scena under NM i bodyfitness i dag. Det blei ingen finaleplass på kvinna frå Førde.

Foto: fitnessbloggen.no

Førdekvinna har levd eit ekstremt liv i det siste. Det heile blei avslutta under norgesmeisterskapen i dag.

Det var ti kvinner i hennar klasse som var med på forbedømminga, men Fure var ikkje mellom dei seks som fekk finaleplass. Ho er litt skuffa over ikkje å gå vidare.

– Men eg tenkjer det er heilt greitt. Eg er veldig nøgd med kroppen min og poseringane. Bikinien var nok litt for liten, det er slikt ein får fråtrekk i poenga for, seier ho til NRK.no.

Dette fekk ho fråtrekk for under Stavanger Open for to veker sidan også. Men sidan bikinien er skreddarsydd, er det ikkje berre å skaffe seg ein ny på kort varsel.

– Eg har fått den justert litt, men det var tydelegvis ikkje nok.

Lovar å bli sosial igjem

Ingeborg Sol Fure

PÅ NM: Ingeborg Sol Fure har gått ned åtte kilo i rein fettmasse dei siste månadane. Biletet er frå Fitnessbloggen.no.

Foto: fitnessbloggen.no

Fleire månader med knallhardt trenings- og diettprogram er no over. Dei siste månadene har ho lagt ned timevis på å bygge dei ulike muskelgruppene. Kombinert med ei god mengde kondisjonstrening har ho forbrent mykje feitt.

– No blir det å leve livet. Eg skal trene mindre og ete meir. I tillegg skal eg bli ekstremt sosial igjen og plage livet av naboar, familie og venner, ler ho.

Har vore ekstremt tøft

Tobarnsmora frå Førde starta med bodyfitness for å sjå potensialet sitt. Ho er klar på at idretten er ekstrem og på grensa av kva som er bra for kroppen.

– Eg har vore veldig sliten, trøytt og frustrert. Det har vore veldig tøft. Eg har følt meg utlada og har hatt behov for ekstremt mykje søvn. Det har nok samanheng med at eg var utbrent før eg starta på dietten, så det var litt dårleg timing.

Som einaste utøvar i Førde har det vore einsamt å drive med denne idretten. Det å ikkje vere i eit team har prega ho. For mykje handlar om å ha nokon rundt som forstår kva ho driv på med.

– Coachen min held til i Trondheim og har ikkje vore her i kvardagen. Men eg har ein mann som støttar meg 110 prosent. Han har teke seg av ungane og eg har kunne lagt meg tidleg.

Skal bli verdas beste kone

Ho valde likevel å gjennomføre det ho hadde bestemt seg for. Viljestyrke har ho i alle fall mykje av.

– Ja, eg har ikkje problem med manglande viljestyrke, det grensar nesten til tvangstankar. Men no er eg i mål. Det er ei utruleg god kjensle. Eg har nådd målet mitt og det er herleg.

Dei siste fire månadene har ho gått ned åtte kilo i reint feitt. Ho skal halde fram med å trene fysikken med tung styrketrening og reknar med å gå opp fem kilo på to månader.

Konkurransar i bodyfitness trur ho at ho er ferdig med.

– Slik eg ser det no, blir det ikkje fleire konkurransar. Men eg skal aldri seie aldri. No skal eg fokusere på å vere verdas beste kone og husmor. Eg vil takke mannen min og alle andre som har støtta meg.

Har fått nok av tunfisk

Men sjølv etter månader med knallhard diett, skal ho ikkje skeie ut så veldig i dag.

– Eg har ete ein halv Snickers. I kveld skal eg ete sushi og drikke vin. Det gler eg meg til.

– Er det noko spesiell mat du har sakna desse månadene?

– Det må vere suhsi. Det har eg ikkje ete sidan i vår. Fisk er jo sunt, men med så få kaloriar eg har kunne ete, har eg måtte velje maten med omhu. Eg gler meg også til å drikke raudvin igjen.

– Er det noko mat du ikkje skal ete på ei stund?

– Tunfisk! Dei tunfiskboksane eg har ståande i skapet skal få stå til dei går ut på dato. Eller kanskje eg skal selje dei billeg på Facebook til ei krone boksen. Eg skal i alle fall ikkje ete dei, ler ho.

Månadsvis med streng diett - og timesvis med trening. Skal ein nå til topps i bodyfitness, må ein ikkje slurva med forarbeidet.

SJÅ VIDEO: Dette har Ingeborg Sol Fure jobba mot i månadsvis.