Fleirtalet av fylkespolitikarane vil ikkje løyve pengar til det nystarta Livsmeistringssenteret på Skei i Jølster.
Senteret hadde søkt om dette, utan å nemne sum.
Dei var i første rekke ute etter godvilje som dei kan bruke i kampen for å få støtte via statsbudsjettet, seier prosjektleiar Hans Fredrik Grøvan.
Ville berre ha "goodwill"
- Vi har ikkje bede om nokre konkrete beløp. Vi har skissert eit behov på utvikling av prosjektet, og på meir utstyr og inventar på sjølve staden i Jølster. Så får fylkeskommunen sjølv finne ut om dei har høve til å løyve noko. Men fyrst og fremst er det "goodwill" som er det aller viktigaste for oss.
I fylkesutvalet var det berre Høgre, Venstre og Framstegspartiet som ville løyve 500 000 kroner på neste års budsjett.
- Vi har hatt ein god relasjon med Jølster kommune, vi har hatt ein god dialog med stortingsrepresentantane frå Vestlandet. Vi fekk 2,5 millionar på statsbudsjettet for 2007, og vi håpar også å kome inn der i 2008. Då er det viktig at vi har fylkeskommunen til å støtte oss, seier prosjektleiar Hans Fredrik Grøvan ved Livsmeistringssenteret.