Hopp til innhold

Infomøte i ny barnehage i kveld

I kveld har det vore foreldremøte i den andre barnehagen der ein mann i 30-åra skal ha utført seksuelle overgrep. – Reaksjonane er stort sett dei same som i går. Det er stor overrasking over at vedkommande skal ha gjort dette. Foreldra uttrykker uro for om deira barn kan ha blitt utsett for noko. Det kom mange spørsmål om kva politiet veit, og ein god del spørsmål om korleis ein skal snakka med barna om dette, seier kommunaldirektør Robert Rastad til BT.

Robert Rastad
Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK