Hopp til innhold

Influensaen lar vente på seg

Det store influensautbrotet lar framleis vente på seg. Det syner dei siste tala frå Nasjonalt folkehelseinstitutt

Syk jente

INFLUENSA: Kanskje slepp vi lettare unna i år - færre influensasjuke til no i år enn det som er vanleg på denne tid.

Foto: Igor Borodin / Colourbox

– Av dei som gjekk til lege i førre veke i Sogn og Fjordane så hadde 0, 7 prosent influensa. Talet er aukande men framleis ganske lågt, seier Siri Helene Hauge, som er overlege og spesialist i samfunnsmedisin ved Nasjonalt folkehelseinstitutt

På landsplan var det 1,1 prosent som fekk diagnosen influensa i veke sju. Det er framleis godt under 1,4 prosent som er det nasjonale målet for når ein snakkar om eit influensautbrot.

Seinare og kortare utbrot

– Vi ser det i heile Europa. Influensaen kjem seint, og i nokre land er den på retur allereie. Der har dei hatt få som er blitt sjuke.

Her heime reknar folkehelseinstituttet med at talet på influensasjuke kjem til auke på i tida som kjem.

Siri Helene Hauge

INFLUENSAEN LAR VENTE PÅ SEG: Overlege og spesialist i samfunnsmedisin ved Nasjonalt folkehelseinstitutt, Siri Helene Hauge.

Foto: Privat

– Vi trur nok det aukar litt til framover, men den heilt store auken framover har eg nok ikkje heilt trua på.

Mange immune etter førre utbrot

Årets influensa er altså både uvanleg seint ute, og spreier seg seint. Kva som er grunnen til dette har ikkje folkehelseinstituttet noko godt svar på.

– Det skulle eg òg likt å visst. I fjor hadde vi eit kraftig utbrot, det gjer nok at mange er immune, og difor ikkje blir sjuke i år. Men kvifor influensa kjem seint og nokre år er svakare enn andre det er vi ikkje heilt sikre på.

– Når trur du vi når influensatoppen i år?

Ikkje godt å seie, men om nokre veker bør vi ha sett toppen. Vi trur uansett ikkje at det blir noko kraftig utbrot i år.