Hopp til innhold

Importpinnekjøt på julafta

- I år blir det utanlandsk pinnekjøt for mange på julekvelden, seier Bjørn Ole Juul-Hansen, som er administrerande direktør i Kjøttbransjens Landsforbund.

Sauer på Ese i Balestrand

Norsk sau blir mangelvare.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

For andre år på rad blir det sett rekord i import av utanlandsk kjøt. Årsaka er at mange bønder har slutta grunna dårleg inntening.

New Zealand og Island

- Det vil vere pinnekjøt på marknaden av sau som har beita både i New Zealand og sannsynlegvis på Island

Ved utgangen av september var det importert 9750 tonn storfekjøt og 4225 tonn sauekjøt til Norge. Dette er alt meir enn heile rekordåret 2007.

Spesielt mykje saueimport

Spesielt når det gjeld sauekjøt har importen skote i veret. Så langt i år er det importert 35 prosent meir sauekjøt enn i heile fjor og om lag 10 gonger så mykje som i 2006.

- Mange sauebønder har slutta

Juul-Hansen forklarer den aukande importen med svikt i tilgangen på norsk kjøt.

- For storfe er det sjølvsagt at det blir færre mjølkekyr og dermed også mindre storfekjøt. For lam har vi ein situasjon der mange produsentar rett og slett har slutta, og difor har vi fått for lite kjøt.

Krev tiltak frå regjeringa

Per Hilleren er leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, og han krev at den raudgrøne regjeringa snarast set i verk tiltak, slik at vi får auka den norske kjøtproduksjonen.

- I den situasjonen Norge er med dei vilkåra vi har for å produsere mat til eigen befolkning, så meiner eg det må vere eit krav at vi gjer det. Vi skal ikkje drive og kjøpe mat frå den delen av befolkninga i verda som svelt, når vi veit at det er matvaremangel på verdsbasis burde vi kunne produsere den maten sjølve.

- Dette må regjeringa ta tak i, her må dei syne handlekraft, slik at vi får opp att produksjonen i landbruket.