Hopp til innhold

Ikkje pengar til Måløyraidsenteret

Måløyraidsenteret fekk eit nytt skot for baugen i finansutvalet i dag. Eit samrøystes kulturutval vedtok i går at fylkeskommunen bør stille sin skjerv til investering, dersom staten løyver pengar til drift. Staten har allereie løyvd 2 millionar til investering, og det er lovd 600.000 kroner til årleg drift. Men dei raudgrøne i finansutvalet nekta å følgje opp vedtaket. Høgre, Venstre, KrF, Frp og Nils Gjerland frå Sp røysta for.