Hopp til innhold

Ikkje nøgd med eigne prestasjonar

Kaupanger-trenar Kjetil Sønnesyn er ikkje nøgd med det han såg av spelarane sine mot Sogndal 2.

- Når vi er på topp, så kan vi matche sjølv så god motstand som Sogndal 2. Det er vår eigen prestasjon som skuffar mest, seier han.

Tapte 1-4

Sogndal sine nest beste vann 4-1 etter scoringar av Henrik Furebotn (2), Oddbjørn Skartun og Kristian Brix.

LES OGSÅ: Sogndal vann målfesten

Bjarte Vatlestad sette inn trøystemålet for grøntrøyene. Sønnesyn seier at Kaupanger har mykje å rette på til NM-kampen mot Voss kommande onsdag.

Ikkje nøgd

Sjølv om Sogndal stilte med fleier spelarar frå A-lagstroppen, er ikkje Kaupanger trenaren nøgd. Berre i løpet av den siste halvtimen meiner han laget viste det kollektive trykket som skal prege Kaupanger i årets 3. divisjon.

- Det mangla vi dei første 60 minutta av kampen. Då låg vi allereie under 0-4. Vi taper ganske enkelt for eit betre lag. Eit lag med meir ork og høgare tempo enn oss. Med det laget dei stilte med i dag, så hadde dei gjeve både 2. og 3. divisjonslag ein god fight, seier Sønnesyn.