Hopp til innhold

If sler varmepumpealarm

Kvar tredje heim har no ei varmepumpe, men manga kan ha kjøpt katta i sekken. No slår If skadeforsikring varmepumpealarm.

Illustrasjonsbilde: Varmepumpe

Mange har opplevd problem med varmepumpene i vinter. No sler If Skadeforsikring varmepumpealarm.

Foto: Holm, Morten / SCANPIX

Det meiner skadesenterleiar Trond Anfinsen i If Skadeforsikring. No har dei starta ei større kartlegging av skadesaker for å finne ut meir om samanhengen mellom kvalitet og skadeomfang.

- Tusenvis av desse varmepumpene er av så dårleg kvalitet at dei sluttar å fungere etter ei tid. Ein annan feil mange gjer, er å montere pumpa sjølv utan å følgje bruksanvisninga, seier Anfinsen.

Gjeld luft-til-luft

Det finnast kring 500 000 varmepumper installert i norske bustadar. Av dei 80 erstatningssakene If har hatt så langt i år, har halva enda med avslag fordi varmepumpa gjekk sund av seg sjølv. Sakene gjeld hovudsakleg luft-til-luft varmepumpe, som er den klart vanlegaste varianten.

- Ein feil mange gjer, er å kjøpe varmepumpe hos meir eller mindre useriøse forhandlarar, på supermarknad, eller ved å importere direke sjølv. Ofte står då kjøparen for monteringa sjølv også, seier Anfinsen.

- Ikkje like gode

Medan skadesenterleiaren meiner varsellampene bør byrje å lyse over varmepumper til 4 000-5 000 kroner, meiner Ole Nordbrenden i røyrleggjarkjeda Varme & Bad at ein bør opp over 22 000 kroner inkludert montering for ei varmepumpe.

– Varmepumper kan brukast til både oppvarming og kjøling. Alle kan brukast til kjøling, men ikkje alle er like gode til oppvarming i eit nordisk klima, med ned mot 20 minusgrader om vinteren, sier han.

- Inga mirakelmaskin

At mange varmepumper har svikta i vinter, merka mellom andre varmepumpeleverandøren Vest Energi på Nordfjordeid. Der stod ikkje telefonen stille i den svært strenge kuldeperioden vi nett har vore gjennom.

LES OGSÅ: Varmepumpene taklar ikkje kulden

- Det er ikkje noko mirakelmaskin. Problemet er at, dess kaldare det blir, jo mindre effekt får du ut av den. Du får motsatt effekt av det du ynskjer, sa dagleg leiar Tom Barmen.