Hopp til innhold

Tone trugar med rettssak

Tone Damli Aaberge er lei av å bli snikfotografert av Se og Hør, og trugar no vekebladet med sivilt søksmål.

Tone Damli Aaberge

Arkivfoto: Tone Damli Aaberge.

Foto: Lunde,Bjørn Erik Rygg / SCANPIX

– Det har gått så langt at vi er nødt til å gjere noko. No vil vi klage Se og Hør inn for Pressens Faglige Utvalg (PFU), og saman med Tone og ein advokat vil eg vurdere søksmål, seier David Eriksen, Tone Damli Aaberges manager, til VG .

Forsider

Se og Hør har i følgje VG hatt fire forsider med snikfotografi av Aaberge saman med Aksel Hennie, og no er sogndalsjenta lei.

– Tone er utruleg sint og opprørt over måten Se og Hør har oppført seg på. Dette har vart i seks veker. I natt kom eg heim frå ferie, og det første eg vil gjere er å ringe advokaten min og finne ut av korleis vi kan angripe dette, seier Eriksen.

– I strid med god presseskikk

Se og Hørs sjefredaktør, Harald Haave, seier at bladet si dekning av kjendisparet ikkje er i strid med god presseskikk.

– Vi står fullt og heilt inne for det som står på trykk. Dette er Norges hottaste kjendispar, seier han.

Men leiar i Norsk Presseforbund, Per Edgard Kokkvold, er ikkje samd i det.

– Dette er heilt openbart i strid med god presseskikk. Det einaste som legitimerer denne måten å arbeide på er dokumentasjon av ting med stor betydning for samfunnet. Og det har ikkje forholdet mellom Tone Damli Aaberge og Aksel Hennie, seier han.