Hopp til innhold

I varetekt etter skadeverk

Ein 26 år gammal mann vart like før klokka halv fire i natt sett i varetekt etter at han gjorde skadeverk på ei ytterdør i Olaf Ryes vei i Bergen. Under hendinga skal mannen ha kome med drapstrugslar. – Han hadde med seg kniv, men denne vart ikkje brukt, og ingen kom til skade under hendinga, fortel operasjonsleiar Frode Kolltveit i Vest politidistrikt.

Laster Twitter-innhold