Hopp til innhold

I kveld går telefonen hennar varm

Telefonrekninga til Magna Kvalheim har fått vesentleg høgare telefonrekning i haust. Grunnen er eit syngande barnebarn på 23 år - og ein TV-sendt talentkonkurranse.

Magna Kvalheim

RØYSTER: Magna Kvalheim reknar med å gi barnebarnet Jørn Trollebø Kvalheim 50-60 røyster under kveldens Idol-sending. – Men det gjeld nok sikkert oss alle rundt Jørn, humrar ho.

Foto: Silje Guddal / NRK

For medan Jørn Trollebø Kvalheim kjempar om finalebillett i årets Idol, set farmor Magna Kvalheim heime i Vågsøy og røyster til den store gullmedalje.

– Eg har ikkje oversikt over kor mykje eg har røysta, men siste rekninga var stor. Neste blir nok ikkje noko mindre, humrar den stolte farmora.

3.500 er blitt til 3

Magna Kvalheim

HÅPAR: Farmor Magna Kvalheim håpar Jørn Trollebø Kvalheim klarer ein av dei to finalebillettane i kveld.

Foto: Silje Guddal / NRK

Barnebarnet har stått løpet så langt i den direktesende talentkonkurransen på TV2. I alt 3.500 håpefulle melde seg på. Etter ein tårevåt audition for dommar Tone Damli, er ti finalistar blitt til tre. Neste fredag står to att og vinnaren blir kåra.

Farmor Kvalheim vil så gjerne at Jørn får vere med heilt inn.

– Han fortener det. Han har vore god heile vegen. Han er naturleg, er seg sjølv – og så snakkar han framleis måløyværing. Han er veldig omsorgsfull. Når nokon går ut, så er han der med det same og gir dei ein bamseklem, seier ho.

– Men for meg er han ein vinnar sjølv om han ikkje skulle nå finalen, legg ho til.

– Røyst, røyst, røyst

I ytre Nordfjord herjar «Jørn-feberen». Farmor reknar med å få godt med besøk til kveldens sending. Då konkurrerer han mot Chinook Lamers og Ingvar Olsen.

– Eg veit ikkje om det heilt har gått opp for meg. Det er heilt uverkeleg heile greiene. Eg berre håpar heile Sogn og Fjordane kan gløyme alle futedømme og samle seg om Jørn – og røyste han fram til finalen, seier ho og forsikrar at mobilen vil vere fullt opplanda til klokka blir 20.

– Og du sjølv, kor mange gonger vil du røyste i kveld?

– Eg veit ikkje. Det kjem sikkert opp i 50–60 røyster.

– Fortener finaleplass

Engasjementet har også nådd heilt til maktas korridorar. Ordførar Morten Hagen (H) har heller ikkje planer om å la telefonen få kvile i kveld.

– Eg har røysta mykje, men eg har sagt det før: Akkurat den rekninga skal vi handtere, gliser han og tykkjer det er stas at ein Idol-deltakar set Måløy, Vågsøy og fylket på kartet på ein slik måte.

– No er det viktigaste at vi held fram å røyste, slik at Jørn kjem seg til finalen. For det fortener han, avsluttar Hagen.