Hopp til innhold

I kø for billettar til oktoberfest

Lang kø for å sikre seg dei siste billettane til oktoberfesten i Stryn. Dei ivrigaste var på plass allereie fem timar før butikken opna.

I kø for oktoberfest i Stryn

FÅR EG BILLETT?: Mange var tidleg ute då dei siste billettane til oktoberfesten i Stryn vart lagt ut.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Eg stod to og ein halv time i kø, men det var det vel verdt, seier Reidar Nesje.

Oktoberfesten i Stryn har etter kvart utvikla seg til å bli ein folkefest som alle må få med seg. Nesje fortel han frykta det verste då det på måndag gjekk rykte om at alle billettane var utselde.

– Eg har gått nesten heile veka og trudd at det var umogleg å få seg billett, men då eg høyrde dei skulle legge ut billettar i dag også, var det berre å stille seg i kø, seier Nesje.

Ping Pong Club

Fenomenet oktoberfesten i Stryn starta for ni år sidan. Då var ein kameratgjeng frå Ping Pong-klubben i Stryn på besøk på den originale oktoberfesten i München i Tyskland. Dei meinte at dette var noko det måtte gå an å få til i Stryn og.

Kim Rune Flo

SUKSESS: Kim Rune Flo har ansvaret for oktoberfesten i Stryn.

Foto: Privat

– I Stryn Ping Pong Club får vi til mykje, seier Kim Rune Flo, som er sjef for oktoberfesten.

Ni år seinare er det blitt eit årleg arrangement som trekker fleire tusen besøkande, og som ingen vil gå glipp av.

– Billettane har vore utselde kvart einaste år, sidan oppstarten, seier Flo.

Lederhosen og Dirndl

I samband med oktoberfesten vel svært mange stryningar også å kle seg i tradisjonelle folketrakter frå Tyrol.

Reidar Nesje

STILLER I LEDERHOSEN: Reidar Nesje frå Stryn har antrekket klart.

Foto: Privat

– Eg stiller i Lederhosen, men manglar førebels hatt seier Nesje.

Kvinnedrakta Dirndl er også svært populær, og mange besøkande nyttar høvet til å utvide garderoben.

– Eg trur litt av forklaringa på at oktoberfesten er blitt så populær, er at vi har klart å skape ei autentisk ramme som er lik det som er i Tyskland. I tillegg har vi klart å skape ein fest som fenger på kryss av generasjonar, slik at vi har gjester frå 18 til langt opp i 80-åra, seier Flo.