Hopp til innhold

I dag må gummistøvlane på, men paraplyen bør liggje att heime

Store nedbørsmengder er venta denne onsdagen, og saman med kraftig vind er det mykje som tyder på innevêr.

Regn på frontrute

PLASK: Over 100 milimeter nedbør kan komme i dag.

Foto: Steinar Lote / NRK

– Obs-varselet vårt for i dag og første del av torsdag seier at det kan bli mellom 90 og 130 millimeter. Så det er ganske mykje nedbør det er snakk om, seier statsmeteorolog Mette Skjerdal.

Tidleg på dagen er det meldt snø over 700 meter, seinare stig snøgrensa opp til 1000 meter.

– Det er eit lågtrykk utanfor kysten vår som har ført med seg mykje mild og fuktig luft. Så det er venta regn utover dagen, opplyser statsmeteorologen.

Og det er dei nordlegaste områda som kan vente seg kraftigast nedbør.

Full storm ved Stad

Samstundes som regnet høljar ned vil det også blåse sørleg sterk kuling på kysten. Ved Stad kan det bli periodar der det bles opp i full storm.

Og det vil blåse godt også i fjella. Her er det venta ein vestleg, periodevis sterk kuling. Så det er venta vanskelege køyreforhold i fjella i dag.

Skjerdal opplyser også at det framleis er stor snøskredfare på grunn av nedbøren og det milde vêret.

Rasfaren ligg på faregrad 4 som er det nest høgste.

Minst regn på Søndag

Også torsdagen byr på mykje regn først på dagen. Etter kvart går det over til bygevêr og snøgrense fell nedover att til rundt 500 meter. Vinden kjem til å minke litt og det går over til stiv og sterk kuling på kysten.

– Det vil nok vere periodar med nedbør både fredag og laurdag. Men søndagen er nok dagen det er venta minst nedbør.

Laster Twitter-innhold