Hopp til innhold

Hyttene i fjellet ventar på deg

Dersom du vil gå til duk og dekka bord i vinterferien, kan Fondsbu vere plassen å reise til. Elles står dørene opne på mange av dei sjølvbetente hyttene i Sogn og Fjordane.

Fondsbu

Fondsbu

Vinterferien står for døra, og for mange betyr det turar på ski i Sogn og Fjordane. Med gode vêrmeldingar i vente, oppmodar leiar i Sogn og Fjordane Turlag, Marino Ask, om å ta både fjellet og kysten i bruk.

– Det er fine forhold i fjellet no, sjølv om det ikkje er like mykje snø over alt, fortel Ask. Turistforeininga sine hytter står klare til bruk, og fleire av dei går det fint å kome til utan at ein må gå i dagevis.

Fondsbu har ope i vinterferien

Dersom du likar best å gå i fjellet, utan å måtte lage mat sjølv, kan Fondsbu vere eit godt alternativ. Fondsbu ligg midt i den sørlege delen av Jotunheimen på den vakre Eidsbugarden ved Bygdin. Dette er den einaste at DNT-hyttene i vårt område som er open i vinterferien.

Beltevogna på Fondsbu

Du kan køyre med beltevogn til Fondsbu

Men leiaren i turlaget, Marino Ask, har fleire gode turforslag i sekken no i vinterferien.

– I Vigdalen i Luster ligg Fivla, ei fin hytte mellom Jostedalen og Lustrafjorden. Elles kan det vere kjekt å ta ein tur både til Grøssete i Sogndalsdalen, med seks sengeplassar og Longvasshytta, som ligg ved Nausta-vassdraget inst i Naustdal kommune.

Vinterferie kan og bety turar på kysten, og leiaren i Sogn og Fjordane Turlag, kan både anbefale hytta på Råkeneset i Solund og Skongsnes fyr på Stadtlandet.

Skogadalsbøen opnar til påske

Skogadalsbøen fjellhytte
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Skogadalsbøen, som ligg midt i Jotunheimen i Utladalen, er og eit populært turmål, men DNT-hytta opnar ikkje før veka før påske, den 15. mars. Og vertsskapet er allereie i gong med planlegginga.

– Vi gler oss til sesongen startar, og er allereie i full gong med å førebu sesongen 2013, fortel hyttevert Kjell Olav Moen. Han og familien reiser innover i fjellheimen den 9. mars, med mat og anna utstyr.

Det betyr at påskegjesten kan gå til duk og dekka bord på Skogadalsbøen, når påska kjem i mars.