Hopp til innhold

Hyttefolk utan mobildekning

Basestasjonane i Myrdal og i Gudvangatunnelen har i påska vore ute av drift. No skal feilen vere fiksa.

I heile påska har mobilnettet vore ustabilt og Telenor har hatt problem med å finne ut kvar feilen ligg. Men 1. påskedag seier pressevakta at dei har funne ut kva som er gale.

– Det er feil på eit datakort i mobilstasjonen i Flenjatunnelen. Denne stasjonen ser ut til å ha fått hard medfart, men vi veit ikkje om det skuldast dette eller om det berre har oppstått ein feil på kortet.

Feilen fiksa

Telenor trudde først det var feil på ein fiberkabel eller problem med ei radiolinje som førte til det ustabile sambandet.

Søndag kveld seier pressevakta at utstyret er skifta og at sambandet skal fungere som normalt igjen.

– Vi har overvaka det ei stund no og det ser ut til at det er i orden att.

Mange utan mobilnett

Då basestasjonen i Myrdal var ute av drift betydde det at gjester ved Vatnahalsen Høgfjellshotell og hyttefolk måtte klare seg utan mobil. Også i Gudvangatunnelen og Stalheimstunnelen har mobilsambandet vore nede.

Også skjærstorsdag og langfredag var det problem i dette området . Frå klokka 13:54 torsdag til klokka 13:32 fredag var basestasjonen på Myrdal nede. Også i palmehelga var det store problem med nettet i same område.

Reinunga i Flåmsdalen er den største hyttegrenda i Aurland kommune og rundt 150 menneske har valt å tilbringe påska her.