Hopp til innhold

Hytteboom i Stryn

Sunnmøringar reiser til Stryn for å realisere hyttedraumen. Dei siste åra er det selt nær 180 hyttetomter, noko grunneigarar, kommune og næringsliv tener gode pengar på.

Halvard Remøy

SUNNMØRING I STRYN: Halvard Remøy frå Herøy har bygd seg hytta i Nordfjord. Her kan han nyte utsikten.

Foto: Silje Guddal / NRK

For, tru det eller ei, sunnmøringar legg att mykje pengar i Stryn.

Ein av dei er Halvard Remøy som står på verandaen i andre etasje på hytta på Bøanendsetra i Stryn. Han ser på utsikten utover bygda.

– Det er fantastisk å sjå utover fjorden, vi ser til og med cruisebåtar som kjem her ein sommardag. Vi ser halve Stryn sentrum og fjell og dalar. Det er heilt flott.

Hydla Hyttegrend

STORE HYTTER: Dei siste åra er det bygde 120 hytter i to felt.

Foto: Silje Guddal / NRK

Treff naboen i Stryn

Remøy har akkurat kome inn etter nokre timar med slalåmski på beina.

– Du ser at avstanden bort til løypa er 70 meter, seier han.

Remøy og kona Bjørg er frå Herøy på Sunnmøre. Men dei er langt frå åleine om å ha bygd hytte i Stryn.

– Vi har vore borti at naboar vi ikkje har sett på ei stund, treff vi i Stryn. Det er kjekt, seier han.

Planar om 130 nye hytter

Dei siste åra er det bygd nær 120 nye, store hytter i to ulike hyttefelt ved skisenter i Stryn, Hydla og Bøanedsetra. Planane er klare for over 130 tomtar. Utbygginga har blitt ei omfattande inntektskjelde for kommune, grunneigarar og næringsdrivande.

Endre Håberg

MYKJE Å GJERE: Endre Håberg på Byggmakker i Stryn seier det er travle dagar.

Foto: Silje Guddal / NRK

Då finanskrisa herja som verst var det få som tvinna tomlar. Endre Håberg ved Byggmakker seier at dei ikkje merka krisa.

– Vi klarte å halde hjula igang, fortel han.

Han er ikkje den einaste som har nytt godt av hytteutbygginga

– Går du ein tur på matbutikkar i Stryn og skal handle, så har iallefall halvparten av dei sunnmørsdialekt.

Legg at mange millionar

Utrekningar gjort av Stryn Næringshage viser at hytteeigarane, sunnmøringar til tross, vil leggje att omlag sju millionar kroner i Stryn denne sesongen. I tillegg kjem kommunale avgifter, nettleige og eigedomsskatt frå dei dyre hyttene.

Ole Andre Kvame

GOD SESONG: Leiar Ole Andre Kvame seier hytteutbygginga har betydd mtkje for skisenteret.

Foto: Silje Guddal / NRK

Også Stryn Skisenter tener gode pengar om dagen. Dei sette omsetningsrekord alt i mars. Leiar Ole Andre Kvame seier auken ikkje hadde kome utan hytteutbygginga.

– Den har hatt mykje å seie, for skisenterer er godt besøkt for tida.

Handlar lokalt

Eldar Zahl sit i godstolen på hytta si i Hydla hyttegrend. Ei hytte mang ein stryning har bidrege til.

– Då vi bygde hytta, så kjøpte eg minst 90 prosent av alt eg trengde i Stryn. Eg brukte handverkarar herfrå og vi handlar som regel matvarer her.

Otto Vik

GRUNNEIGAREN: Otto Vik er utbyggar av Hydla Hyttegrend.

Foto: Silje Guddal / NRK

Nokre år tilbake var det berre gamle sel med utedo og ei og anna nyare hytte på Bøanessetra. I Hydla var det ikkje ei einaste hytte. Grunneigar Otto Vik har endra på det.

– No skal vi byrje på eit felt der 80 tomtar skal leggjast ut for sal.

Kjem frå øysamfunna

Vik står på verandaen til hytte 31 og speidar vestover. Snøen ligg tett og kompakt rundt hyttene. Størrelsen gjer at dei likevel stikke seg fram.

– Kvadratmessig overstig dei iallefall mitt hus. Men det er slik dei vil ha det. Dei vil bruke fritida si her.

– Kven er det som kjøper hytter her?

– Det er mange frå Ulsteinvik, Hareid, Fosnavåg og så vidare. Det er øysamfunna som har flytta seg til Stryn.

Lille Sunnmøre

Og flytte har dei nesten gjort, Lille Sunnmøre blir hyttefelta kalt. På Bøanedsætra har Halvard og Bjørg Remøy full oversikt over kor mykje dei har brukt hytta.

– Kona skriv dagbok, så vi kan dokumentere kor mykje vi er her. I fjor passerte ho 160 døger, seier Halvard.

– Eg er her fordi eg kosar meg, det er fred og ro her, fortel ho.

Stryn skisenter

NÆRT SKISENTERET: Hyttefelta ligg like ved dei to hyttefelta.

Foto: Silje Guddal / NRK