Hopp til innhold

Slår ring om skulen i Årdal

Skal Hydro Årdal vere sikra nok fagarbeidarar i åra framover må den vidaregåande skulen i bygda få leve.

Årdal vidaregåande skule i Øvre Årdal

VIL BEHALDE DENNE: Eit samla næringsliv i Årdal slår ring om den vidaregåande skulen i bygda.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Det meiner fabrikksjef Arne Werge-Olsen i Hydro. Både han og Årdal Næringssamskipnad no ring om Årdal vidaregåande skule, skriv Sogn Avis.

Årdal vidaregåande er blant skulane som står i faresona når fylkespolitikarane må kutte med hard han i skulestrukturen. Fram mot 2024 må det sparast mellom 72 og 97 millionar kroner.

– Verdifull arbeidskraft

I to ulike uttaler peikar Hydro og næringssamskipnaden i Årdal på kor viktig skulen i bygda er for næringslivet i kommunen. Werge-Olsen seier til Sogn Avis at dette spesielt er viktig for rekrutteringa.

Kvart år tek dei inn mellom 15 og 20 lærlingar i fag som mellom anna kjemiprosess, produksjonsteknikk og laboratoriefag.

Når dei har fullført læretida er dei gode fagoperatørar og utgjer verdifull arbeidskraft for Hydro, fortel fabrikksjefen.

Fryktar for rekrutteringa

Hydro Aluminium Årdal har som mål at minst 80 prosent av operatørane skal vere fagarbeidarar, og skal dei få det til er skulen i kommunen viktig.

– Vår erfaring er at dei lærlingane som har tilknyting til bygda eller regionen i stor grad har eit ønskje om å halde fram og jobba hos oss også etter at dei har teke fagbrevet, står det i uttalen skriv Sogn Avis.

Også Årdal Næringssamskipnad er uroa og fryktar for rekrutteringa til lokalt næringsliv om skulen blir lagt ned, skriv avisa. Det blir mellom anna vist til at erfaringa syner at det er vanskeleg å rekruttere innan linjer som ein ikkje har i Årdal.