Hopp til innhold

Denne reven tuslar rundt mellom husa

Ein husvarm rev har i dag tusla rundt i eit bustadområdet i Florø, men veterinær åtvarar mot nærkontakt.

John Inge Nødseth og rev

TAM REV: John Inge Nødseth og reven i eit bustadfelt i Florø. Pappa Nødseth er leiar i viltnemnda i kommunen og helsar her på reven.

Foto: Jacob Nødseth

Jacob Nødseth

VAR VELDIG NÆR: Jacob Nødseth seier reven er like tam som katten deira.

Foto: Heidi Lise Bakke / NRK

Ein av dei som har fått besøk av den firbeinte er Jacob Nødseth. Han har vore heime hos foreldra sine og sett reven på nært hald.

– Den verkar veldig tam og vore veldig nær oss, seier han.

Nødseth har sett reven mange gonger før, men då på lang avstand.

– Det er første gong eg har vore så nær ein rev. Det er veldig artig og den er nesten like tam som katten vår. Den verkar også frisk og oppegåande.

Må skremmast vekk

Høgrepolitikaren seier det viktig med mangfald i naturen og set pris på både revar og andre ville dyr.

– Det er fint å bu i Florø å få sett mange ville dyr. Vi har hjortar rundt dørene og spekkhoggarar i sjøen. Og no har vi også ein rev som går rundt her.

Nødseth er ikkje redd reven, men seier at for små born kan den vere eit problem.

– Den er så tam at vi må skremme den vekk, så folk bør ikkje gå for nær den.

Far til Jacob er John Inge Nødseth og han er leiar i viltnemnda.

– Det er nok ikkje tilfeldig at reven kom til oss, ler han.

(Artikkelen held fram under biletet)

Rev

LITEN TASS: Sjølv om den er søt og verkar tam, åtvarar veterinæren mot nærkontakt med reven.

Foto: Jacob Nødseth

Åtvarar mot nærkontakt

Veterinær Hanne Husebø Kristensen i Florø har fått med seg at mange har sett reven dei siste dagane. Ho åtvarar folk mot nærkontakt med dyret.

– På generell basis skal ein vere forsiktig med revar som tilsynelatande er tamme og oppsøkjer hus. De er ofte sjuke med til dømes skabb og kjem nær folk fordi der er det mat lett tilgjengeleg, seier ho.

– Men det betyr ikkje at dei er tamme. Dei kan bite, så folk bør passe seg.

– Blir det gjort noko med denne reven som ruslar rundt?

– Er den openbert sjuk eller er til plage, så må folk ta kontakt med viltforvaltaren i kommunen.

Ho fortel at det i periodar er rev i kystbyen og som veterinær merkar ho konsekvensane av det.

– Då hender det av vi får inn hundar som er smitta av skabb, seier ho.

Rev i Florø

VENTAR PÅ MAT?: Reven har funne seg godt til rette i Florø.

Foto: Jacob Nøseth